Arild Solheim

Arild starta Bergen Idrettsklinikk i 2009, etter mange års erfaring frå Active Rehab og Redcord Clinic i Bergen. Han har meir enn 20 års røynsle som fysioterapeut, med pågåande spesialisering i idrettsmedisin. I løpet av desse åra har han jobba kontinuerleg på eigen klinikk, samt vore tilknytta det medisinske teamet for tidlegare Løv-Ham og alpinlandslaget for kvinner. Dei siste åra har han vore fysisk trenar for landslaget i aquajet, med utøvar på høgt internasjonalt nivå.
Som fysioterapeut og prestasjonsfremjar har Arild lang og breid røynsle med individuell oppfølging av alt frå mosjonistar til landslagsutøvarar i idretter som fotball, friidrett, handball, stup, triatlon, sportsdrill med meir. Av eigenrøynsle har han tidlegare drive allsidig med idrett, spesielt friidrett og sprint, men har også røynsle frå konkurransar som New York Marathon, Hardangervidda Maraton, Aurlandfjellet Xtremtriatlon og Norseman.
Som kunde vil du oppleva at han er dyktig på undersøking og diagnostikk, samt god på å nytte sin kompetanse og røynsle til å individualisera trening og behandling. Med kontinuerleg fagleg oppdatering, allsidig kunnskap og breid røynsle, gjev han deg optimal oppfølging saman med motivasjon og engasjement.
E-post: arild@bik.no
Telefon: 47 82 35 32
