Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

Hei, Bergen Idrettsklinikk opnar dørane att måndag 20.april.

Me vil ha tilnærma vanleg og full drift i tida framover.
Ventetida har me nytta godt! Store delar av klinikken er pussa opp, og innventar og utstyr er skinnande reint.
Velkomen!

Om Bergen Idrettsklinikk

Bergen Idrettsklinikk vart etablert sommaren 2009 som eit resultat av aukande etterspurnad etter kompetanse på idrettsmedisinsk behandling og oppfølging i Bergen og omegn.
Vår erfaring er at det har vore eit stort behov, og manglande tilbod, på å få stilt diagnoser og kome i gong med behandling, rettleiing og oppfølging i etterkant av både akutte- og kroniske skader.

Me har òg lang og god kompetanse på oppfølging av bekkenrelaterte plager, korsryggssmerter og skulderproblem. Vårt mål er at me skal hjelpe deg til å kome raskare i gong med den aktiviteten du ynskjer å halde på med - smertefri. Du finner oss i Fana bydel, Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal.

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin

Cookies (informasjonskapslar) hjelper oss å levera tenestene våre. Ved å bruka tenestene våre, aksepterer du bruka vår av cookies.