Musearm, vond skulder og fysioterapi
Musearm er i mange tilfelle diagnostisert som ein betennelse eller irritasjon i senefestet kring albogeleddet (tennisalboge). Mange pasientar som våre fysioterapeuter undersøkjer har derimot ingen betennelse, men gjerne dei same symptoma som ein slik betennelse gjev, smerte, redusert kraft/ uthald og redusert funksjon.
Me vil tilrå at du får gjort ei grundig undersøkjing av arm, skulder, nakke og rygg dersom slike symptom dukkar opp. Mange har ved slike plager fått blant anna kortisjoninjeksjon som behandlingsform, utan verknad.
Hjå flesteparten av våre pasientar med slike symptom er det faktisk muskulaturen kring underarm, overarm og skulder som gjerne ikkje fungerer optimalt og gjev smertesymptom som også kan verte kroniske.
I særs mange tilfelle vil tilpassa treningsprogram i slynger tilrette lagd frå fysioterapeut vere riktig og god tilnærming for å redusere symptoma både umiddelbart og over tid.