Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

Kjære kunde

På grunn av dagens situasjon med Covid-19, og fare for spreiing av smitte, har Helsedirektoratet gjeve påbod at all fysioterapiverksemd skal stenga med verknad frå 16.mars t.o.m 26.mars 2020.
Bergen Idrettsklinikk innstiller difor drifta midlertidig i denne perioden.
Det er mogleg at Bergen Idrettsklinikk m.fl. lyt halda stengt lengre, og vil informera om dette når ny informasjon finst.

Me ber om orsaking for ulemper dette medfører, men trur dette er til det beste for alle våre kundar. Vonar det går bra med deg og dine, og så får me alle kome sterkare att når dette er over.

Helsing alle oss på BIK!

Målgruppa til Bergen idrettsklinikk

Målgruppa vår er alle som ynskjer å vere fysisk aktiv, men som på grunn av ein smertetilstand eller skade ikkje er i stand til det.
Våre fysioterapeuter ser er at mange unge og eldre gjerne går i lang tid med plager, som hindrar dei i å gjennomføre alt frå ein vanleg arbeidsdag, til å trene særs tunge økter.

Ofte ser fysioterapeuten at dei som slit med enten vanlege plager, eller idrettsrelaterte skader, ikkje har fått ein diagnose å forholde seg til. Samstundes manglar det gjerne nokon til å følgje dei opp i forhold til fysikalsk behandling eller trening/ opptrening. Det same gjeld utøvar innan lagidrett som manglar eit medisinsk støtteapparat. Me håpar at vårt tilbod kan dekkje ein del av det behovet som finnes i Bergensregionen for fysikalsk behandling relatert til idrettskader.

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin

Cookies (informasjonskapslar) hjelper oss å levera tenestene våre. Ved å bruka tenestene våre, aksepterer du bruka vår av cookies.