Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

Kjære kunde

På grunn av dagens situasjon med Covid-19, og fare for spreiing av smitte, har Helsedirektoratet gjeve påbod at all fysioterapiverksemd skal stenga med verknad frå 16.mars t.o.m 26.mars 2020.
Bergen Idrettsklinikk innstiller difor drifta midlertidig i denne perioden.
Det er mogleg at Bergen Idrettsklinikk m.fl. lyt halda stengt lengre, og vil informera om dette når ny informasjon finst.

Me ber om orsaking for ulemper dette medfører, men trur dette er til det beste for alle våre kundar. Vonar det går bra med deg og dine, og så får me alle kome sterkare att når dette er over.

Helsing alle oss på BIK!

Kva fysioterapeutene ved Bergen Idrettsklinikk gjer

Bergen Idrettsklinikk har eit breidt behandlings- og oppfølgingstilbod. Våre fysioterapeuter vil dekkje behova for deg som treng fysikalsk behandling, oppfølging og rehabilitering av idrettsskadar. Testing og prestasjonsfremjande trening kan du òg få hjelp med dersom du ynskjer det.

Tilbodet vårt er:

  • Fysikalsk behandling
  • Neurac-behandling for bl.a. nakke, rygg og skuldre (slyngebehandling)
  • Testing og trening i Redcord slynger
  • Nålebehandling
  • Såletilpassing
  • Personleg trening UTE
  • Testing (O2, styrke, stabilitet)

Me har òg eit godt nettverk i forhold til henvising vidare for bildediagnostikk eller konsultasjon hjå spesialistar.

Målgruppa
Målgruppa vår er alle som ynskjer å vere fysisk aktiv, men som på grunn av ein smertetilstand eller skade ikkje er i stand til det.
Vår fysioterapeuter erfarer at mange unge og eldre gjerne går i lang tid med plager, som hindrar dei i å gjennomføre alt frå ein vanleg arbeidsdag, til å trene særs tunge økter.

Ofte ser me at dei som slit med enten vanlege plager, eller idrettsrelaterte skader, ikkje har fått ein diagnose å forholde seg til. Samstundes manglar det gjerne nokon til å følgje dei opp i forhold til behandling eller trening/ opptrening. Det same gjeld utøvar innan lagidrett som manglar eit medisinsk støtteapparat. Me håpar at vårt tilbod kan dekkje ein del av det behovet som finnes i Bergensregionen.

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin

Cookies (informasjonskapslar) hjelper oss å levera tenestene våre. Ved å bruka tenestene våre, aksepterer du bruka vår av cookies.