Trent For Fotball®
Trent For Fotball® er eit kurs spesialtilpassa norske fotballklubbar sitt behov for skadeførebyggande - og prestasjonsfremjande trening både på treningsfeltet, og som eigentrening. Bergen Idrettsklinikk gjev med dette kurset spelarar, trenarar og lagleiarar teoretisk og praktisk innføring i ulike øvingar og treningsprogram. Dei ulike øvingane kan nyttast som oppvarmingsprogram, enkeltståande bolkar i treningsøkta eller som innhald i spelarane si eigentrening.
Etter kurset Trent For Fotball® skal du:
- Kunne gje spelarane enkle og konkrete øvingar som kan nyttast direkte på øktene.
- Ha fått innføring i tiltak og program som påverkar balanse, teknikk, motorikk, styrke og stabilitet.
- Få implementert ukompliserte øvingar og program som nyttast på feltet og som eigentrening.
- Skapa føresetnader hjå spelarar for betra teknisk dugleik.
- Kunne redusere sjansen for akutte og belastningsrelaterte skader på treningar og kamp.
- Ha auka medvitet for viktigheit av øvingar for styrke, balanse, koordinasjon og motorikk.
- Ha meir kunnskap om belastning- og intensitetsstyring i fotball.
- Ha meir kunnskap om korleis ein kan påverka fotballspesifikk hurtigheit.
Kurset er eit 1-dags kurs (7t) og inneheld:
Teoretisk del - inne (2t)
- Gjennomgong av typiske belastningsskadar, skademekanismar og førebygging.
- Treningsintensitet, treningsbelastning, hurtigheit i fotball og implementering av førebyggjande øvingar.
Praktisk del - ute (5t)
Praksis*:
- Prestasjonsfremjande oppvarming – med ball i lag.
- Øvingar for rørsleevne og mobilitet.
- Øvingar for styrke og stabilitet.
- Øvingar for balanse og koordinasjon.
- Hurtigheitstrening i fotball.
- Spenst og eksplosivitet i springing og duellar.
*For praktisk gjennomføring av interne kurs i klubb er det ei føresetnad at klubben stiller spelarar og naudsynt utstyr til disposisjon. Kurs i regi av BIK har alt disponibelt på kursstad.
Lunsj - inne (30min)