Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

45 12 40 00 | Følg oss

Springekurs

Det vil bli gjort analyse av kvar enkelt med personlege attendemeldingar om kva ein skal justere på når det gjeld steg og teknikk.

Springekurs hos Bergen idrettsklinikk

Har du nye springemål for året? Ynskjer du å få meir ut av øktene dine?
BIK arrangerer eit nytt springekurs (løpekurs) for alle som ynskjer å lære litt meir om springing og springeteknikk, enten du er nybyrjar eller har røynsle med springing frå før.

Jogging. Illustrasjon.Me spring hovudsakleg på flatt underlag og lett kuppert terreng.
Det vil bli gjort analyse av kvar enkelt med personlege attendemeldingar om kva ein skal justere på når det gjeld steg og teknikk.

Innhald: Teknikktrening og drill er introduksjon til enkle, men effektive hjelpeøvingar som vil vere med å betre springesteget ditt i prosessen vidare! Det vil også verte gjort analyse av kvar enkelt deltakar.

Kvalifikasjonar: Lyst og ynskje om å lære litt meir om springing og korleis du på eige vis kan betre din teknikk. Fint om du er relativt skadefri når du byrjar på kurset, men me tek sjølvsagt omsyn til individuelle behov.

Mål: Få grunnleggjande forståing når det gjeld kva springing er, kva musklar du nyttar og korleis du kan gjennom trening lære å springa betre og meir økonomisk. Du vil også lære korleis du lettare kan halde deg skadefri når du trenar.

Instruktørar: Arild Solheim og Johan Sørstrønen

 

Eksempel på teknikkendring

Program springekurs: nivå 1

1.økt + 2.økt: Tema: springeteori, anatomi og skadar. + praktisk økt etterpå Stad: Bergen Idrettsklinikk - Fantoft + Storetveitmarka Tid: 1800 - 2030

3.økt: Tema: springing, analyse, teknikk Stad: Storetveitmarka Tid: 1800 - 1930

4.økt: Tema: steg, teknikk, drill Stad: Storetveit Tid: 1800 - 1930

Kurskalender 2018

Ingen kurs er førebels sett opp

Pris kr. 1 500,-

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin