Åpningstider mandag til fredag 08.00 - 17.00

Kjære kunde

På grunn av dagens situasjon med Covid-19, og fare for spreiing av smitte, har Helsedirektoratet gjeve påbod at all fysioterapiverksemd skal stenga med verknad frå 16.mars t.o.m 26.mars 2020.
Bergen Idrettsklinikk innstiller difor drifta midlertidig i denne perioden.
Det er mogleg at Bergen Idrettsklinikk m.fl. lyt halda stengt lengre, og vil informera om dette når ny informasjon finst.

Me ber om orsaking for ulemper dette medfører, men trur dette er til det beste for alle våre kundar. Vonar det går bra med deg og dine, og så får me alle kome sterkare att når dette er over.

Helsing alle oss på BIK!

BIK Bedrift

Mindre smerte med auka styrke

Bergen Idrettsklinikk tilbyr oppfølging til verksemder i Bergen og omegn. I løpet av dei siste åra har me nytta blant anna Redcord slynger som eit godt og effektiv verkemiddel for å førebyggje- og behandle muskelskjelettplager hjå tilsette. Fleire av verksemdene me jobbar for har ein type belastning for dei tilsette som er statisk, tung og einsidig eller repeterande. Plagene kjem ofte som eit resultat av desse belastningsfaktorane.

Me gjer alltid ei grundig fysisk kartlegging og testing av kvar enkelt tilsett. Ut frå denne testinga kan me tilpasse trenings- og øvingsprogram i forhold til dei plagene personen har, eller ynskjer å førebygge.

Vårt mål er at øvingane skal være lette å kome i gong med, og at det tek kort tid å gjennomføre programmet. Det er også viktig at fasilitetane er lett tilgjengeleg, samstundes som kvar enkelt arbeidstakar får grundig, tett og optimal oppfølging.
Nokre av verksemdene som har nytta, eller nyttar oss er:

  • BIR
  • SGS - SAS Ground Services
  • StatoilHydro
  • Bergen Fylkeskommune
  • Bergen Kommune - Bergen Brannvesen
  • Våkleivbrotet Kanvasbarnehage
  • Utdanningsforbundet i Hordaland

18. ferbuar var Bergen Idrettsklinikk representert under HMS-dagen til Statoil med trening og rettleiing av slyngetrening. Oppmøtet var veldig bra og entusiasmen stor, og me gler oss til å setje i gong med faste treningar etter nyttår!

Bergen Idrettsklinikk

Søråsbrotet 9 - 5235 Rådal
Telefon: 45 12 40 00
Åpningstider mandag - fredag 08.00 - 17.00
E-post: post@bik.no

Admin

Cookies (informasjonskapslar) hjelper oss å levera tenestene våre. Ved å bruka tenestene våre, aksepterer du bruka vår av cookies.