Vegen til ein sterkare kropp og lettare kvardag!

Historia til Marianne Tollaksen anno 2010.

Bergen 25.11.2010

Det er no litt over eit år sidan kvardagen til Marianne Tollaksen vart snudd opp ned. 13.november 2009 var dagen som markerte byrjinga av ei ny tid for kroppen, kosthaldet og den fysiske forma hennar. I mange år var det både slitsamt og plagsamt med for mange kilo på kroppen, dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet. Desse tinga, kombinert med ein kranglete rygg, gjorde at det var vanskeleg å kome seg opp og ut av stolen. Litt tilfeldig kom søstera til Marianne i kontakt med Arild ved Bergen Idrettsklinikk, som var konsulent på eit prosjekt hjå hennar jobb. Denne kontakten resulterte i at Marianne ringte Bergen Idrettsklinikk hausten 2009 for å høyre om det var mogleg å få hjelp. Det var ein telefonsamtale som skulle syne seg å gje store ringverknader i livet hennar eitt år seinare, og sannsynlegvis vidare.

Fredag 13. november 2009 var ingen ulukkesdag, men dagen for den fyrste konsultasjon der Marianne, saman med fysioterapeut og prestasjonsfremjar Arild Solheim, gjekk gjennom hennar status for aktivitetsnivå, kosthald, »«treningsrutinar, søvn, smerte, skule og arbeid. ”Eg var tidlegare i mykje aktivitet, og spela blant anna fotball regelmessig. Ein del ulike omstende gjorde at eg ikkje fekk bevega meg så mykje som før, i tillegg til at smertene i ryggen var plagsame. Fastlegen min gjorde det heller ikkje så lett ved å sende meg ut av kontoret med melding om å redusere vekta mi, men gav meg ingen rettleiing på korleis eg skulle klare det” seier haugesundjenta. ”Tidlegare har eg prøvd fleire type diettar og blant anna tilsvarande diettar som dei nyttar på Grete Rohde-kurs, men det har hatt effekt kunn i kortare periodar, og sidan har kiloane kome på att”.

Statusen for Marianne den fyrste dagen, då hennar kroppslege rehabiliteringsprosjekt byrja for alvor, var ganske alarmerande. Ho var då 21 år, 160cm høg og vog 94,3kg! Dette gjev ein kroppsmasseindeks (BMI) på 36,84. Utgangspunktet for overvekt er BMI over 25, og fedme er BMI over 30. Dette var eit utgangspunkt som gjorde det i aller høgaste grad reelt å kome i gong med dramatiske endringar av livsstilen hennar. ”Eg var kome til eit punkt der eg visste at eg laut gjere ganske store og drastiske endringar i livet mitt. Utgangspunktet var nok ikkje det beste, men eg var veldig motivert, og visste at eg kunne få resultat dersom eg fekk rettleiing undervegs”, konkluderer Marianne. Og resultata skulle kome ganske så raskt. Her er nokre glimt av kva som skjedde i starten frå midten av november 2009 og i månadane vidare:

13.november 2009:
Vekt 94,3kg
  • Aukar talet på måltid frå 3 til 5-6
  • Endrar innhald på frukost, mellommåltid og kveldsmat
  • Kuttar vekk brus, lettbrus, saft, kjeks og sjokolade
  • Endrar brødtype
  • Byrjar å føre matjournal og aktivitetslogg

26.november 2009:
Vekt: 92,5kg
  • Legg opp aktivitetsplan for 10 dagar framover
  • Har kjøpt seg nye joggesko som er betre for trening og ryggen

8.desember 2009:
Vekt: 90,8kg
  • Pulsfalltest på tredemølle: går ned 9 slag på 1min (141-132 slag/min)
  • Klarar å ete 5-6 gonger pr. dag i trå med planen
  • Fokus på å unngå for mykje julemat, samt halde seg i fysisk aktivitet over nyttår

9.februar 2010:
Vekt: 84,6kg (har no gått ned ca. 10kg på 3 månader!)
  • Får opplegg for styrketrening og intervalltrening

18.mars 2010:
Vekt: 82,6kg

22.april 2010:
Vekt : 79,0kg
  • Trenar kondisjon i form av langturar og intervallar i tillegg til styrketrening

25.mai 2010:
Vekt: 77,9kg

15.juni 2010:
Vekt: 76,8kg

29.september 2010:
Vekt: 73,1kg

25.november 2010:
Vekt: 72,8kg
  • Marianne har gått ned 21,6kg (!) sidan 13.november 2009
  • BMI er redusert frå 36,84 (Fedme) til 28,44 (Overvekt)
  • Marianne trenar no 3-4 gonger pr. veke, samstundes som ho er student.
  • Trenings- og kosthaldsjournal er endå dagleg rutine for henne
  • Plagene i ryggen er vekke, og ho tenkjer på å spele fotball att til våren

”Eg er endå ikkje i mål med å kome ned under 70kg, men ser at eg er på veg. Sjølv om kiloa forsvinn seinare no enn i starten, så går det sakte med sikkert fram mot målet” er Marianne sin førebelse konklusjon. ” Det viktigaste eg har lært dette året er at eg kan nå dei måla eg vil, berre eg jobbar systematisk over tid og prioriterer det, og har fokus på trening og kost heile vegen. Arild har vore til særs god hjelp i denne prosessen og gjeve meg verktyet til å kome i gong, i tillegg til å gje tett oppfølging og motivasjon heilt fram til no” smiler jenta frå Haugesund. Systematisk er ho i forhold til å strukturere tidspunkta får når ho skal og kan trene, føre kost- og treningsjournal, og lage til mat dagen i førevegen som er til lunsj og alle mellommåltid. Til slutt vil ho kome med eit råd til alle som ynskjer å gå ned i vekt, men som ikkje heilt klarar det på eiga hand: ”Du lyt vere innstilt på å gjere jobben sjølv, det er din kropp og det er kunn du åleine som kan gjere endringane som skal til for å verte nøgd. Finn ein som kan hjelpe deg i starten med å gje motivasjon og lage struktur på korleis du skal trene, kva du skal ete og kva du bør ha fokus på til ei kvar tid. Dette opplegget har fungert veldig bra for meg, og kombinasjonen med struktur, eigenvilje og systematikk har gjort meg meir glad, og kvardagen min lettare. Stå på, og gje aldri opp!” er Marianne sin konklusjon.

Arild Solheim, som jobbar som fysioterapeut og prestasjonsfremjar ved Bergen Idrettsklinikk kan ikkje få gjeve sin ”elev” nok ros. ”I starten var det nok for henne å gå i moderat tempo på tredemølle før ho var sliten. Etter 6 månader var styrketrening, trappeløp, jogging og intervalltrening ein viktig del av hennar treningsprogram, og der styrketrening no er vorte eit fast element i treningsplanen. Ho har hatt ein fantastisk progresjon, men òg ei fantastisk instilling til opplegget. Overgongen frå ingen trening, til 3-5 økter i veka har vore dramatisk, og kosthaldet hennar er ikkje til å kjenne att frå fyrste gongen ho kom til oss. Det viktigaste i denne prosessen har likevel vore hennar eigne ressursar og motivasjon til å endre livssituasjonen, og hennar systematikk i forhold til å halde kontroll på matinntak og trening. Ho kan og bør vere eit strålande eksempel på at alt går, dersom ein berre vil. Eg er i allfall full av beundring” konkluderer ein nøgd, og litt stolt Arild.
BMI skala (kroppsmasseindeks)

Undervekt: BMI < 18,5
Normal: BMI 18,5-24,9
Overvekt: BMI 25-29,9
Fedme: BMI > 30