Tufte Challenge - laurdag 7.september

På Feel High i år introduserer me Tufte Challange som er ein heilt ny del av programmet vårt. Me ynskjer å gje deg som deltakar høve til å testa styrke, kondisjon, spenst og koordinasjon i ei utradisjonell tevling. Alle som ynskjer kan delta.
Kravet for å delta er enkle: ein lyt vere over 16 år og konkurrerer på eit lag med 4 personar. Laget ein stiller meg lagar ein til sjølv, og ein kan velje om ein vil vere reint herrelag, damelag eller mix.

Tufte Challenge vert gjennomført laurdag 7.september og er delt opp i to delar: kvalifisering (morgon) og finale (kveld).
Kvalifiseringa vil skje parallelt med resten av programmet til Feel High, slik at det vert høve til å vere med på alt det andre som skjer, enten ein vel å delta eller ikkje.

Program

0930 - 1230: Kvalifisering

Her stiller ein til kvalifisering etter oppgjeve tidspunkt for laget sitt. Konkurransen skjer på plenen på nedsida av Highland Logde på Geilo. Det vil vere 8 ulike øvingar ein kan tevle i. Laget lyt sjølv velje kva øvingar kvar av dei 4 deltakarane skal ha. Alle deltakarane skal gjennomføre 2 øvingar kvar.

Ut frå kvalifiseringa vil det vere 1 lag som kjem vidare til ein finale. Det laget som har best sluttid av alle etter 8 øvingar kjem til SUPERFINALEN (meir info til høgre).

Det vil også verte arrangert ein Meisterfinale, der dei 8 beste utøvartidene på dei 8 ulike øvingane vil kvalifisere seg til eit eige lag med ein kjendis på laget. Om du ikkje når Superfinalen med ditt lag, kan du likevel få ein finaleplass om tida er god nok!

1800: Superfinale

1815: Meisterfinale

Speaker

Johan Kaggestad kan meir enn Tour de France.
Under Tufte Challenge vil han passa på at ingen juksar, triksar eller fjuskar seg til bestetid. Han ser også til at me er orientert om dei gode resultata.

Meir info?

Treng du meir informasjon enn det du har fått her??

Ta kontakt med Feel High på:
post@feelhigh.no

eller ring Arild på: 47 82 35 32

Kvalifisering

Kvalifiseringa skjer ut frå lister med lag som er påmeldt Tufte Challenge. Oppsettet for kvalifisering er klart fredag 6.september, og lista vil vere tilgjengeleg i resepsjonen på Highland Lodge og www.feelhigh.no.
For lag som deltek utanom det ordinære programmet på Feel High er påmeldingsfreisten 1.september 2013.

Påmelding skjer på lenkja nedst på sida

Superfinale

SUPERFINALEN er den finalen der vinnarlaget med best tid etter 8 øvingar under kvalifiseringa går direkte til finalen.
I finalen møter 3 andre lag: Team Tufte, eit sponsorlag og NTG!
Team Tufte vil bestå av Olaf Tufte og 3 andre kjente personar!

Vinnaren av finalen vil oppnå meir enn heder og ære.....!

Meisterfinale

Dersom laget ditt ikkje når finalen, er det endå von om å få konkurrere saman og mot dei beste! Om du i kvalifiseringa oppnår den beste kvalifiseringstida på ei av dei 8 øvingane, vil du få høve til å delta i Meisterfinalen.
Her vil det delta 4 lag, med 3 utøvarar på kvart lag, og der ein idrettsprofil frå Team Tufte vil stilla som "mentor" og leiar for kvart sitt lag! Dei 4 laga konkurrer mot kvarandre på like vilkår.
Du kan altså risikera å gruse Olaf denne helga....!

Påmelding

Påmelding for Tufte Challenge skjer kontinuerleg med påmelding til Feel High. Dei som deltek på Feel High kan også stilla lag på Tufte Challenge - dette er inkludert i prisen.
For dei som ikkje har lag, eller funne nokon å konkurrera med, før Feel High, kan registrera dette i løpet av fredag 6.sept.
! Ein sørgjer sjølv for å registrering og oppsett av laget.

Eksterne lag, og deltakarar som ikkje er påmeldt på Feel High, og som berre ynskjer å vere med på Tufte Challenge, lyt melda seg på og betala startkontingent innan 1.september.
Pris: kr. 150,- pr. deltakar eller kr. 600,-/ lag.

Send påmelding til: erika@highland.no eller fyll ut skjema!

Førehandspåmelding krev innbetaling av heile kontingenten på kr. 600,- Innbetalingsinformasjon får ein av Erika ved Highland Logde. Merk innbetaling og påmelding med "Tufte Challenge" og namnet på laget ditt.