Trent For Fotball ®

Trent For Fotball ® er eit kurs spesialtilpassa norske fotballklubbar sitt behov for skadeførebyggande - og prestasjonsfremjande trening både på treningsfeltet, og som eigentrening. Bergen Idrettsklinikk gjev med dette kurset spelarar, trenarar og lagleiarar teoretisk og praktisk innføring i ulike øvingar og treningsprogram. Dei ulike øvingane kan nyttast som oppvarmingsprogram, enkeltståande bolkar i treningsøkta eller som innhald i spelarane si eigentrening.
Etter kurset Trent For Fotball ® skal du :
● Kunne gje spelarane enkle og konkrete øvingar som kan nyttast direkte på øktene.

● Ha fått innføring i tiltak og program som påverkar balanse, teknikk, motorikk, styrke og stabilitet.

● Få implementert ukompliserte øvingar og program som nyttast på feltet og som eigentrening.

● Skapa føresetnader hjå spelarar for betra teknisk dugleik.

● Kunne redusere sjansen for akutte og belastningsrelaterte skader på treningar og kamp.

● Ha auka medvitet for viktigheit av øvingar for styrke, balanse, koordinasjon og motorikk.

● Ha meir kunnskap om belastning- og intensitetsstyring i fotball.

● Ha meir kunnskap om korleis ein kan påverka fotballspesifikk hurtigheit.


Kurset er eit 1-dags kurs (7t) og inneheld:

Teoretisk del - inne (2t)

● Teori:
a) Gjennomgong av typiske belastningsskadar, skademekanismar og førebygging.
b) Treningsintensitet, treningsbelastning, hurtigheit i fotball og implementering av førebyggjande øvingar.

Kursinformasjon:

Dato: Laurdag 7.juni 2014.
Tid: 1000 - 1700.
Kvar: Brann Stadion v/ Hordaland Fotballkrets.
Kurshaldarar: Fysio. Yngve Myhre og Arild Solheim – BIK.
Påmelding: Epost til kurs@bik.no eller skjema nede på sida.
Påmeldingsfreist: Sundag 1.juni
Pris: Kr. 1990,- (ink. lunsj og kursmateriell)*
Innbetaling: 3460.11.36467, merk "namn/mobil + TFF 0614"**
Spørsmål: Send dei via epost eller skjema nede til høgre.
* Kursplass vert stadfesta ved innbetaling av kursavgift.
** Kursavgift er ikkje refunderbar.

Referansar - Trent For Fotball ®:

SK Brann
FK Fyllingsdalen
Baune
Loddefjord IL
Åsane Fotball

Praktisk del - ute (5t)

● Praksis*:
a) Prestasjonsfremjande oppvarming – med ball i lag.
b) Øvingar for rørsleevne og mobilitet.
c) Øvingar for styrke og stabilitet.
d) Øvingar for balanse og koordinasjon.
e) Hurtigheitstrening i fotball.
f) Spenst og eksplosivitet i springing og duellar.

*For praktisk gjennomføring av interne kurs i klubb er det ei føresetnad at klubben stiller spelarar og naudsynt utstyr til disposisjon. Kurs i regi av BIK har alt disponibelt på kursstad.

Lunsj - inne (30min)