Timeplan Feel High 2012

Feel High 2012 har mykje kjekt å by på i programmet sitt!! Under kan du lesa om dei ulike timane og gjere deg opp ei meining om kva du ynskjer å vere med på!

Påmelding til timane vil primært skje ved oppmøte på Highland Logde helga 7.-9.september.
Det er også høve til førehandspåmelding ved å senda epost til: post@feelhigh.no eller fylle inn skjemaet nedst på sida.

Kjernekraft

KJERNEKRAFT – Ein styrketime i sal som gjev deg ny giv til styrketreninga. Det vert nytta minimalt med
hjelpemiddel; matte og manualar, saman med kropp og tyngdekraft. Musikken er viktig og har ei drivende
kraft. Målet med timen er å nytte nye teoriar innan stabilitetstrening (kjernemuskulatur). Stikkord er balanse,
rørsle ut av lineære plan (rotasjoner), spenst og eksplosivitet.

Zumba

Zumba® er inspirert av de latinske musikksjangerene cumbia, salsa, samba,merengue, reggaeton m.m. Kombinert med morosame og enkle dansetrinn har alle det gøy på ein Zumbatime, uansett form og alder. Ein får nytta heile kroppen og ein får ei oppleving av å være på fest i Latin Amerika!

Fight

Fight er kampsportinspirert kondisjonstrening på høgt plan. Ei energibombe av ein time som gjev deg adrenalin og eit kick! Me jobber mykje med teknikkar henta frå ulike kampsportar. Slag og spark er sett saman slik at det blir ei effektiv treningssøkt, som spesielt trener korsettet. Morsomt og effektivt.

Yoga

Alle kan gjere yoga. Øvingane vil verte tilpassa ulike nivå slik at alle får eit godt utbytte av timane. Du treng ikkje vere spesielt mjuk eller sterk for å gjere yoga. Har du spesielle behov søkjer ein å finne tilpasningar og alternativ.
Yogaundervisninga er i hovudsak praktisk. Målet er at alle skal finne noko i yoga som skapar velvære, glede og inspirasjon, og etter hvert kan gjøre yoga hjemme.

Uteyoga: om været tillet det vil me også tilby yoga ute i frisk luft og fantastiske omgjevnader på Geilo.

NMT

Dette er eit nytt og nyvinnande konsept her i Noreg!! Det vert introdusert utanfor Oslo for fyrste gong på Feel High!!

Øktene har ein oppvarmingsbit med låg og gradvis stigande intensitet på omlag 15 min, så ein kondisjonsbit,- typisk intervallbasert løp, eks 3-4x4min, P1min, i ei kort (100-300m), variert løype, gjerne med innlagde stasjonar for "burpees", pushups eller harehopp/djupe spensthopp, totalt 15-20min, så forflytting til ny lokasjon med fokus på funksjonelle øvingar, a la god gammaldags sirkel/stasjonstrening- type 4 ulike "kjerne-øvingar" på staden a 30sek x 4 utan pause, så 4 nye øvingar, eks pushups, rygg-øving i mageliggande, djupe spensthopp, situps, same opplegg med 4x30sek utan pause. Så er det kanskje ein ny kort bit med intervall, type opp og ned bakke på 10 meter med situps/pushups i bånn annakvar gong, eks 2x2min P1. Deretter forflytting tilbake til start, evt med innlagde spensthopp og eller utfall til krampa tek ein. ALLTID avslutning i ring med kort oppsumering og eit samla brøl.

Velkomen til ei treningsøkt litt utanom det vanlege!

www.nmtraining.no

Landevegssykkel

Her tek me sikte på å nytta vegnettet frå Geilo i aust-, vest- og sørgåande retning. Fokus vert på å ha sykkeløkter med god og riktig effekt, innanfor ei tidsramme på 2 timar. Det vert trening på korte intervallar, intensitetsstyring, attendemeldingar på teknikk, trening på å sykle riktig og godt saman i rulle, og ulike måtar å sykla i rulle på. Me diskuterer inntak av drikke og næring undervegs og testar ut ulike typar. Fleire instruktørar per gruppe sikrar kvalitet på øktene frå start til slutt, og me justerar intensitet ut frå nivå og røynsle!

Terrengsykkel - MB

Terrenget i og kring Geilo er fantastisk for terreng- og stisykling. Denne helga vil me få høve til å gjere kjekke ting med sykkelen i terrenget og utanfor. Det vil verte høve til å trene på nedoverbakkesykling, noko som dei fleste ikkje får trena på i stor grad elles.
Rune Høydahl vil vere med oss og tilføre eineståande kunnskap og erfaring innan sykling og teknikk!