Kva me gjer

Bergen Idrettsklinikk har eit breidt behandlings- og oppfølgingstilbod. Me vil dekkje behova for deg som treng fysikalsk behandling, oppfølging og rehabilitering av idrettsskadar. Testing og prestasjonsfremjande trening kan du òg få hjelp med dersom du ynskjer det.

Tilbodet vårt er:

  • Neurac-behandling for bl.a. nakke, rygg og skuldre (slyngebehandling)
  • Testing og trening i Redcord slynger
  • Nålebehandling
  • Såletilpassing
  • Personleg trening UTE
  • Testing (O2, styrke, stabilitet)

Me har òg eit godt nettverk i forhold til henvising vidare for bildediagnostikk eller konsultasjon hjå spesialistar.

Målgruppa

Målgruppa vår er alle som ynskjer å vere fysisk aktiv, men som på grunn av ein smertetilstand eller skade ikkje er i stand til det.
Vår erfaring er at mange unge og eldre gjerne går i lang tid med plager, som hindrar dei i å gjennomføre alt frå ein vanleg arbeidsdag, til å trene særs tunge økter.

Ofte ser me at dei som slit med enten vanlege plager, eller idrettsrelaterte skader, ikkje har fått ein diagnose å forholde seg til. Samstundes manglar det gjerne nokon til å følgje dei opp i forhold til behandling eller trening/ opptrening. Det same gjeld utøvar innan lagidrett som manglar eit medisinsk støtteapparat. Me håpar at vårt tilbod kan dekkje ein del av det behovet som finnes i Bergensregionen.