Har du nye springemål for året? Ynskjer du å få meir ut av øktene dine?

BIK arrangerer eit nytt springekurs (løpekurs) for alle som ynskjer å lære litt meir om springing og springeteknikk, enten du er nybyrjar eller har røynsle med springing frå før.

Me spring hovudsakleg på flatt underlag og lett kuppert terreng.
Det vil bli gjort analyse av kvar enkelt med personlege attendemeldingar om kva ein skal justere på når det gjeld steg og teknikk.

Innhald: Teknikktrening og drill er introduksjon til enkle, men effektive hjelpeøvingar som vil vere med å betre springesteget ditt i prosessen vidare! Det vil også verte gjort analyse av kvar enkelt deltakar.

Kvalifikasjonar: Lyst og ynskje om å lære litt meir om springing og korleis du på eige vis kan betre din teknikk. Fint om du er relativt skadefri når du byrjar på kurset, men me tek sjølvsagt omsyn til individuelle behov.

Mål: Få grunnleggjande forståing når det gjeld kva springing er, kva musklar du nyttar og korleis du kan gjennom trening lære å springa betre og meir økonomisk. Du vil også lære korleis du lettare kan halde deg skadefri når du trenar.

Instruktørar: Arild Solheim og Johan Sørstrønen

Eksempel på teknikkendring

Springekurs: nivå 1

1.økt + 2.økt: tysdag 14.mars 2017

Tema: springeteori, anatomi og skadar. + praktisk økt etterpå

Stad: Bergen Idrettsklinikk - Fantoft + Storetveitmarka

Tid: 1800 - 2030

3.økt: tysdag 28.mars

Tema: springing, analyse, teknikk

Stad: Storetveitmarka

Tid: 1800 - 1930

4.økt: torsdag 30.mars

Tema: steg, teknikk, drill

Stad: Storetveit

Tid: 1800 - 1930

Kurset har ledige plassar!

Andre kurs:

Springekurs nivå 1:

Oppstart: nytt kurs startar att i april/ mai med følgjande datoar:

Torsdag 27.april: 1800 - 2030 (1.+2.økt)
Tysdag 9.mai: 1800 - 1930 (3.økt)
Måndag 22.mai: 1800 - 1930 (4.økt)

Kursinnhaldet vil vere tilsvarande det som er skissert over.

Springekurs: nivå 2

For deg som har vore med på Springekurs før, eller har litt grunnlag og ikkje er nybyrjar.

Neste kurs startar: etter førespurnad
Stad: Storetveitmarka

Springekurs for verksemder

Tilbod:
Dette er kurs som me tilpassar spesielt til verksemder som ynskjer oppfølging for ei eller fleire gruppe tilsette.

Me leverer kurs til både bedriftsidrett, i tillegg til små og store avdelingar.

Omfang, tidspunkt og stad for gjennomføring vert avtala med kvar enkelt verksemd.

Pris: etter førespurnad

Pris for kurset

Kr. 1500,-

Betaling:
Nettbank eller kontant ved kursstart
Betalingsinfo nettbank:

Konto: 1503.35.52642

Merk: "Springekurs"

Meir om Springekurs

Les meir om Springekurset til Bergen Idrettsklinikk!
Faksimile frå BT 23.11.2012.
Trykk på biletet over for å lesa meir

Påmelding/ førespurnad