SiB

Samarbeid mellom SiB og Bergen Idrettsklinikk

Me har gleda av å annonsere ein ny avtale om samarbeid mellom SiB (Studentsamskipnaden i Bergen) og Bergen Idrettsklinikk, gjeldande frå 13. januar 2009. Avtalen medfører at dei som er kundar hjå Bergen Idrettsklinikk vil ha adgang til, og kunne nytte, fasilitetane i Fantofthallen.

Ved oppfølging av trening og treningsopplegg saman med personell frå BIK, vil det ikkje medføre nokon ekstra kostnad å nytte seg av treningsfasilitetane på Fantoft.

Om det er ynskjeleg med eigentrening vil SiB kunne tilby rabatterte prisar både på dagsbillettar og treningskort (6 mnd.)