Rygg og nakkebehandling

Slyngebehandling med gode resultater

I løpet av dei siste 3-4 åra har me hjulpe mange pasientar som har hatt plager i etterkant av blant anna whiplash, nakkeskader, nakkeprolaps, ryggprolaps og ryggoperasjonar.
Me nyttar primært slyngebehandling med bruk av Redcord slynger for å få aktivitet muskulatur som gjerne ikkje har fungert, over lengre tid, slik den skal.
Sjølv om plagene er blitt kroniske, og dei er muskulært betinga, viser det seg at det i mange tilfelle er mogleg å "programmere på nytt" muskel- og nervesystemet slik at det fungerer betre, og ein får kontakt med muskulatur som gjerne har vore inaktiv over tid.

Ved å nytte slyngebehandling og Neurac kan me i mange tilfelle få signala frå hjernen til musklane til å gå "riktig", slik at ein på ny får kontakt med musklane når ein skal gjere ei rørsle. I mange høve vil ein slik ny kontakt kunne gje umiddelbar smertereduksjon eller smertefridom, samt auka funksjon og rørsle.

Musearm og vond skulder

Musearm er i mange tilfelle diagnostisert som ein betennelse eller irritasjon i senefestet kring albogeleddet (tennisalboge). Mange pasientar som me undersøkjer har i derimot ingen betennelse, men gjerne dei same symptoma som ein slik betennelse gjev smerte, redusert kraft/ uthald og redusert funksjon.
Me vil tilrå at du får gjort ei grundig undersøkjing av arm, skulder, nakke og rygg dersom slike symptom dukkar opp. Mange har ved slike plager fått blant anna kortisjoninjeksjon som behandlingsform, utan verknad. Hjå flesteparten av våre pasientar med slike symptom er det faktisk muskulaturen kring underarm, overarm og skulder som gjerne ikkje fungerer optimalt og gjev smertesymptom som også kan verte kroniske.
I særs mange tilfelle vil tilpassa treningsprogram i slynger vere riktig og god tilnærming for å redusere symptoma både umiddelbart og over tid.