Bergen Idrettsklinikk

Bergen Idrettsklinikk vart etablert sommaren 2009 som eit resultat av aukande etterspurnad etter kompetanse på idrettsmedisinsk behandling og oppfølging i Bergen og omegn. Vår erfaring er at det har vore eit stort behov, og manglande tilbod, på å få stilt diagnoser og kome i gong med behandling, rettleiing og oppfølging i etterkant av både akutte- og kroniske skader.
Me har òg lang og god kompetanse på oppfølging av bekkenrelaterte plager, korsryggssmerter og skulderproblem.
Vårt mål er at me skal hjelpe deg til å kome raskare i gong med den aktiviteten du ynskjer å halde på med - smertefri.

Arild Solheim, fysioterapeut og prestasjonsfremjar

Har tidlegare drive Active Rehab og Redcord Clinic i Bergen, og har hatt mykje fokus på trening og rehabilitering både i bedrift og klinikk.
Er fysioterapeut, og var tidlegare medisinsk ansvarleg for FK Fyllingsdalen (tidl. Løv-Ham) sitt a-lag i fotball i Adeccoligaen, og var engasjert der i 7 år. Har hatt oppfølging med alpintlandslaget for kvinner og individuell oppfølging av eliteutøvarar innan fotball, friidrett, handball mm. Er no involvert i oppfølginga kring Bergen Turn. Var sjølv aktiv med friidrett i ein lang periode og sprang så fort han kunne ein runde rundt bana.
Mobil: 47 82 35 32
Epost: arild@bik.no

Håvard Breistein, fysioterapeut og prestasjonsfremjar

Håvard Breistein er fysioterapeut og kurs/ føredragsholdar med erfaring frå eigen klinikk dei siste 10 år. Oppteken av aktiv rehabilitering, og er kursa i både Neurac og IMS.
Han har lang røynsle innan trening, 20 år som instruktør ved ulike treningssentre, og er for tida fagansvarlig og kurshaldar ved instruktørutdanninga ved Krønsj treningssenter i Oslo.
Håvard har saman med Arild utvikla og drevet Activ Rehab, der dei var blant de fyrste i Bergen til å tilby bedriftsretta trening og rehabilitering, i tillegg til Pausegym, Frisktrening og kursing av bedrifta sine eigne trimveiledere.
Mobil: 92 09 82 34
Epost: havard@bik.no

Andreas Byrhagen, fysioterapeut og prestasjonsfremjar

Andreas Byrhagen er fysioterapeut og utdanna i Odense, Danmark. Her har han også teke ei vidareutdaning innan idrettsfysioterapi. Har dei siste 6 åra vore engasjert på ein Idrettsklinikk i Odense, men også vore medisinsk ansvarleg på GOG herre håndballag i eliteserien i Danmark i 4 år. Har også vore tilknytta Ollerup Gymnastikhøjskole og drevet med test, trening og prestasjonsfremming på gymnastar. Er spesielt oppteken av unge idrettsutøvarar og test, trening og rehabilitering av desse. Andreas legg stor vekt på aktiv rehabilitering, men driv også med nålebehandlingar, trykkbølgebehandlingar og taping/kinesiotaping. 
Mobil: 45 10 56 96
Epost: andreas@bik.no

Yngve Myhre, fysioterapeut og prestasjonsfremjar

Yngve har sidan 2008 vore ansatt i SK Brann si Utviklingsavdeling som fysioterapeut og fysisk trenar. Han jobbar også i Olympiatoppen Vest-Norge som basistrenarm, og fysioterapeut på toppidrettslinja på Tertnes. Han har vidareutdanning frå HiB i medisinsk treningslære og idrettspyskologi. Han driv med også med nålebehandling og kinesiotaping. Yngve legg stor vekt på ei aktiv tilnærming i behandlinga, og har høg kompetanse kring fysisk trening og skadar innan fotball.
Yngve er p.t. stasjonert i Oslo og ikkje tilgjengeleg for konsultasjonar her i Bergen.

Asle Birkeland Kjellsen, spesialist i ortopedisk kirurgi og idrettsmedisin

Jobbar som ortoped ved Haukeland Universitetssjukehus. Er engasjert som i det medisinske støtteapparatet til SK Brann og i FK Fyllingsdalen (tidl.Løv-Ham fotball).
Var tidlegare aktiv skihoppar og fotballspelar.
Genuint og oppriktig interessert i å optimalisere prestasjonar der det er mogleg.

Jørgen Stein, kiropraktor

Utdanna Kiropraktor fra Syddansk universitet i Odense, Danmark. Jørgen har spesiell interesse for idrettsskader, og korleis ein kan optimalisere funksjon. Er engasjert i Adeccoligaklubben Løv-Ham sitt medisinske apparat. Nyttar både vanlege teknikkar innan kiropraktikk, samt nålar ved behandling av problemer i muskel-skjelettapparatet.
Er også instruktør på kurs i muskulære smertesyndrom og triggerpunktbehandling med nåler, som Bergen Idrettsklinikk arrangerer.
Jobbar til dagen ved Nesttun Kiropraktor Klinikk.

Henriette Bask, fysioterapeut og personleg trenar

Henriette er fysioterapeut, og utdanna personleg trenar frå Norges Idrettshøgskole. Ho har røynsle frå eigen klinikk, Redcord Clinic og diverse prosjekt og oppfølging av tilsette i verksemder. Ho har også mykje røynsle som kurs- og føredragshaldar innan slyngetrening og Neurac behandling, i Norge og Sverige.
For tida studerer ho kosthald på Norges Idrettshøgskole. Henriette har lang fartstid som instruktør ved ulike treningssentre, likar sjølv å vere aktiv, og har stor interesse for funksjonell trening.

! Har no p.t. permisjon frå BIK.

Her finn du oss