KURS: Kropp og trening del 1

Bergen Idrettsklinikk ynskjer deg velkomen til eit grunnkurs i kropp og trening. Dette kurset har som mål å gjere deg betre kjent med kroppen, korleis den er bygd, prosessane som skjer i den og korleis den responderer på trening. Me vil i den fyrste delen av kurset gå gjennom dei grunnleggjande elementa innan anatomi og fysiologi - oppbygging og funksjon av kroppen. Dette legg grunnlaget for den andre delen, som er treningslære; korleis kroppen responderar på trening og belastning. I den avsluttande delen vil få inngåande og oppdatert kunnskap om treningsprinsipp som gjeld, og studiar som er som er gjort, innan kondisjons-, styrke- og intervalltrening.

Vårt mål med dette kurset er at du som deltakar skal få ny og oppdatert informasjon, og som vil gje deg større tryggleik på kroppens funksjon og korleis trene den riktig. Dette vil vere det fyrste kurset av ei rekkje, der dei neste vil spisse innhaldet meir spesifikt inn mot styrketrening, kondisjonstrening, intervalltrening, kosthald og restitusjon.

2 kurshaldarar vil sørgje for at kurset vert motiverande, interessant og lærerikt for deg! Uansett bakgrunn og kompetanse.

Kurset vil passa deg som:
  • har lite eller noko kunnskap om kropp og trening
  • treng oppfrisking av gamal kunnskap
  • jobbar med fysisk aktivitet og helsefremjande tiltak
  • er involvert innan idrett og treng fagleg påfyll
  • ynskjer å få betre forståing for din eigen kropp og korleis trena den meir riktig
  • trenar jamnleg og ynskjer føresetnader for å få meir ut av øktene dine

Innhald for kvelden:

  • Anatomi
  • Fysiologi
  • Treningslære
  • Skadelære
  • Styrke og kondisjon

Detaljar for kvelden:

Dato: -----
Klokkeslett: 1700 - 2200
Kvar: Fantoftveien 16 - i Bergen Idrettsklinikk sine lokalar
Servering: Ja, nok til å verte mett - og ingen baguett!
Pris: 1500,- inkl. servering
Påmelding*: Skjer ved innbetaling til konto: 3624.10.84943, merk "Kurs1"
Anna: Gjer merksam på at det er avgrensa tal på plassar på kurset
Spørsmål?: Fyll inn boksen til høgre eller send ein epost eller ring oss
Kontaktinfo: post@bik.no eller ring: 47 82 35 32







* Ved avmelding inntil 14 dagar før kursdag, vert 50% av avgifta refundert. Etter dette vil kursavgift ikkje verte refundert, men deltakar vil få høve til å delta på nytt kurs til halv pris.

Har du spørsmål??

Endeleg og bindande påmelding skjer ved innbetaling til:
Bergen Idrettsklinikk
Fantoftveien 16
5072 Bergen

Konto: 3624.10.84943
Merk: "Kurs1"