Krystallsjuke

Hjå Bergen Idrettsklinikk behandlar me det som er kjent som "krystallsjuke", eller også kjent som "virus på balansenerva". Mange slit med svimmelheit, og veit ikkje kva den kjem av. Overraskande mange får heller ikkje god nok oppfølging eller riktig diagnose når dei skildrar sine problem.

På denne sida vil du finna informasjon om kva krystallsjuke er, korleis du kan få hjelp og få konstatert riktig diagnose, korleis behandlinga artar seg og korleis du kan vere med å behandla deg sjølv.

Definisjon

BPPV (benign paroksysmal posisjonsvertigo) eller krystallsykje er ein tilstand i det indre øyret, og er ei av dei mest vanlege årsakene til svimmelheit. Den førekjem oftare hos eldre, men kan oppstå i alle alders- grupper hos både kvinner og menn, med ei lita overvekt av kvinner. Tilstanden kan gå over av seg sjølv. BPPV betyr godarta, anfallsprega svimmelheit som blir utløyst av stillingsendringar. Anfallet kjem i samband med bestemte rørsler, og du kan bli kraftig svimmel. Det skjer kanskje når du legg deg ned eller snur deg i senga, eller når du set deg opp i senga om morgonen. Anfallet er kortvarig, 10-20 sek.

Den sannsynlege å̊rsaka til det brå og plutselege anfallet er små øyresteinar som losnar frå otolittorgana inne i balanseorga- net. “Steinane” kjem over i væskesystemet i bogegangane.
Ved enkelte hovudbevegelsar vil dei røre seg vidare i bogegangane og gi unormal stimulering av sanse- cellene. Dette fører til endring i nerveimpulsane som går til hjernen. Opplevinga er sterk roterande svimmelheit.

Balanse eller ubalanse

Kroppen har fleire vis å kalibrere balansen på i ståande og oppreist stilling. Hjernen får kontinuerleg informasjon frå heile kroppen, og det er primært tre delar som gjev opplysningar om korleis kroppen og dens rørsler er i forhold til omgjevnadane kring seg med tanke på posisjon, fart og retning. I tillegg til å få informasjon frå øyregangane, får hjernen også signal frå muskulatur og ledd, samstundes som synet har særs stor innverknad på evna til å halde seg stø i oppreist posisjon (blinde personar lyt stole på dei to fyrstnemnde sansegruppane).

Balanseorganet i øyrene inneheld tre bogegangar og to sekkeforma rom som
blir kalla otolittorgan, og som ligg ved enden av bogegangane. Partiklar frå otolittorgana kan komme over i væskesystemet i bogegangane ("debris" i fig. over). Som oftast er årsaka ukjent. Partiklane, som blir kalla otolittar, øyresteinar eller berre steinar, er normalt festa til ein membran, ei slags “pute”. Dei er små krystallar av kalkstein. Derav namnet krystallsykje. Når steinane er komne over i bogegangane, kan rørsler og retningsendringar med hovudet utløyse ein kraftig reaksjon i balanseorganet, i form av "overstimulering" av nervehåra som registrerer rørsle av væska i bogegangane, og som att fører til svimmelheit.

Behandlinga

Behandlinga inneheld ulike rørsler av hovudet, saman med kroppen, som har som hovudtilsikt å flytta, omplassera eller påverka desse krystallane i øyregangane. På denne måten vil ein kunne endre "det indre miljøet" i øyret, og faktisk få symptoma til å forsvinna delvis, eller heilt, etter ei behandling.
Denne forma for behandling, med bruk av Epley`s manøver, fører som regel til ein akutt tilstand av svimling, og som kan kjennast ubehageleg ut under gjennomføring. Denne prosedyren vert gjennomført ein eller fleire gonger, fram til symptoma er vekke, eller mest heilt vekke. Det varierar litt korleis den enkelte responderar på slik behandling. Nokre vert symptomfri etter ei behandling, andre lyt ha oppfølging på 2-6 behandlingar, avhengig om symptoma kjem attende.

Andre lenkjer

For meir informasjon om BPPV, krystallsjuke eller Ménières sjukdom, kan du nytte lenkjene her:

BPPV
Ménières
Dizziness-and-balance
Balanselaboratoriet