Oppdatert: 26.mars 2013

Velkomen til ei unik treningshelg 6.-8.september 2013!

BIK arrangerer denne hausten det kjekkaste som vil skje på treningssida i 2013 - Feel High! Frå fredag 6.september til sundag 8.september vil me gjera alt for at du skal få optimalt påfyll med trening, kunnskap og riktig mat.

Denne helga i september reiser me til Geilo, saman med nokre av våre fremste ressursar innan fysisk trening, PT, idrettsmedisin og treningslære. Me ynskjer å tilby trening i unike omgjevnader og med særeigne rammar, slik at helga og øktene vert særs inspirerande for alle som er med! Sjølvsagt har me også nokre overraskingar på lur!

Nytt for 2013 er Tufte Challenge som er ein konkurranse der ein kan måla kreftene og forma si mot andre i øvingar som er utfordrande og morosame! Du får testa styrke, uthald og koordinasjon mot andre lag og mot Olaf Tufte sjølv!!! 4 personar er det som skal til for å stilla eit lag. Ta med venene dine og vert med!
Målet er at de skal få best mogleg forhold for å trene, ete og restituere, saman med andre som har like interesser. I tillegg ynskjer me at de får all den siste og mest oppdatere kunnskapen tilgjengeleg innan trening.
Teori og prinsipp for styrketrening, kondisjon og intervall vert gjennomgått i detalj. Riktig mat og næring vil vere i fokus heile helga. Men du vil få vite kva som er bra og riktig å ete, og korleis dette påverkar moderat og hard fysisk aktivitet. Restitusjon vil også få ein ny dimensjon!
På den fysiske sida vil det vere mogleg for alle å delta, på akkurat det nivået dei er og med intensitet deretter. Dette er aktivitetar og trening som høver for alle nivå og utgangspunkt. Fleire instruktørar per gruppe vil sikre at alle vert motivert til å yte det dei bør og skal, og for ei optimal utteljing av treninga. Me vil du skal vite korleis du trenar med riktig intensitet og best kvalitet. Du skal få verte trøytt i naturen, og kjenne deg gild når du er ferdig. Frisk fjelluft får du òg. Optimalt kallar me slike tilhøve.
Me ynskjer å la treningane vere anvendt teori, og de vil få høve til å testa ut treningsprinsipp de både kan og ikkje kan. Og dei vil innehalde særs mykje motivasjon og garantert ein liten vri! Det vil vere høve til å velje den greina ein sjølv tykkjer mest om, enten det er løp, sykling, terrengsykling, basistrening eller yoga. For den som ynskjer det, kan ein i fleire høve kombinera økter, eller testa ut nye treningsformar.
Bli med på ei inspirasjonshelg innan trening, som gjev deg kunnskap og motivasjon til å ta dine eigne økter eit steg vidare. Kanskje til og med opp på eit nytt nivå!

Me lovar at du skal dra heim etter denne helga meir sliten, trøytt, glad, inspirert og kunnskapsrik enn når du kom!
Feel High brosjyre 2013.pdf
Klikk her for å lasta ned brosjyra!
For at du skal kunna lasta ned produkta utan at det tek for stor plass på den elektroniske datahandsamaren din, er dei i lågoppløyseleg format. Timeplanen under er meir detaljert!
Feel High Timeplan 2013.pdf
Ja, trykkjer du her så lastar du han ned til odel og eige!

Feel High video

SMARTARE ● TRØYTTARE ● GILDARE

Feel High 2012 - god stemning!!

SUPERSPONSOR:

Hovudsponsorar:

Sponsorar:

Meir informasjon om program og føredragshaldarar vil kome forløpande.
Om du ynskjer å få tilsendt slik informasjon kan du fylle ut skjemaet oppe til høgre.

Feel High - våre føredragshaldarar:

Aleksander Gamme - syner ekte ekstrem ekstase!

Egil Søby - Gullfiraren OL 1968

Feel High 2013

Innhaldet denne helga

Dette får du med:
OL vinnar Olaf Tufte
Tufte Challenge
Ekspert Johan Kaggestad
Eventyrar Aleksander Gamme
Springespesialist Løplabbet
24 fantastiske treningsøkter
5 fantastiske føredrag
Optimal oppfølging
Mikromåltid mellom øktene
Spesialtilpassa måltid
"Superrestitusjon"
T-skjorte som pustar og smiler!
Tilgong på basseng

Dette kan du få i tillegg:
Kroppsanalyse med inBody 720
Spa og massasje
Spesialtilbod på personleg trening
Spesialtilbod på klede

Prisar og forklaring

PRISAR:
Dagspass - fredag: 490,-
Dagspass - laurdag: 990,-
Dagspass - sundag: 690,-
Feel High Mykje*: 1990,-
Feel High Alt**: 3990,-
Tufte Challenge***: 150,-
Enkeltrom (pr.dag): 300,-

Dagspass:
* Fredag inkluderer førelesingar, treningsøkter og mikromåltid.

* Laurdag inkluderer førelesingar, treningsøkter og mikromåltid og lunsj.

* Sundag inkluderer førelesingar, treningsøkter og mikromåltid og lunsj.

* Mykje inkluderer Feel High med alle aktivitetar, mikromåltid og lunsj.
! Overnatting og middag for fredag og laurdag kjem utanom, og kan bestillast separat ved oppmøte.

** Alt inkluderer Feel High med alle aktivitetar, mikromåltid, 2 overnattingar i dobbeltrom, og full pensjon på flotte og nyoppussa Highland Lodge!!

*** Tufte Challenge
Det vil vere høve for alle å delta på Tufte Challenge, også dei som ikkje er meg på det ordinære programmet til Feel High. For å delta lyt ein stilla med eit lag på 4 personar. Det er høve til å stille med damelag, herrelag eller mix. Deltakaravgifta pr. deltakar er kr. 150,- eller kr. 600,- pr. lag.

Trykk her for meir info om konkurransen!

Påmelding

Påmelding skjer direkte til
Highland Logde på Geilo.

www.highland.no

Alternativt kontaktar de Erika på
erika@highland.no
eller
32 09 61 00

Eigne prisar gjeld for grupper på over 10 personar og for bestilling
før 1.juli 2013.
Kontakt Erika for tilbod!
Set av helga 6.-8.september 2013.
Då vert det ei ny fantastisk helg med Feel High på Geilo.

Gled dykk!

Oppdateringar kjem på nettstaden og på Facebook
Nyhende frå Feel High:
-----------------------------------------------
26.mars 2013:
Oppdaterte nettsider og nytt program for Feel High 2013!

Fyll ut for meir informasjon!