Løpeteknikk

Korleis endre løpesteget ditt??

Sommaren 2011 tok min gode nabo Lars Opedal kontakt og spurde om det var mogleg å gjennomføre ei økt der eg gjorde analyse og korreksjon av løpesettet hans. Noko av problemet til Lars var at han følte seg sliten og vond i leggene, spesielt på framsida, når han hadde litt lengre løpeturar.

Målsetnaden for store delar av treninga hans var gjennomføring av 1/2-maraton i september 2011. I den samanheng var det naudsynt for han å ha ein del langturar i beina. Og for å unngå auka risiko for belastningsskadar, ynskte altså Lars ei fellesøkt der det vart gjort naudsynte korreksjonar på løpeteknikken hans.

Det å endre løpeteknikk er ikkje alltid gjort på 1-2-3. Mange spring mykje og langt, utan å få korreksjonar på korleis dei spring. Innan trening er det noko som heiter løpsøkonomi som då skildrar evna ein har til å nytte, eller for den del spare, energi og krefter på å springe med riktig teknikk. Ein kan spare mykje krefter og ha betre nytte av treningsøktene sine ved å endre teknikk, dersom ein ikkje spring optimalt - noko dei færraste gjer. Det er ofte små justeringar som skal til for å betre løpesett, steg og spenningsnivå i kroppen. Mange nyttar ei heil karriere på å optimalisere løpesettet sitt, og det er vanskeleg å få det perfekt. MEN: om ein får nokon til å sjå på, analysere og kome med attendemeldingar til ein, er gjerne eit steg og to nærmare målet.

Så om du ynskjer å springe litt lettare, litt meir riktig og få noko meir att for treningsøktene dine, kan det kanskje vere noko lærdom i å ta ein kikk på videoen under.

Takk til Lars som har gjeve løyve til å nytte han som demonstrasjonmann, og gratulerer han med 1,59,29 på løpet i haust.

Arild