UTE: Raudalsegga - påska 2011

Posted on May 9th, 2011

Påska 2011 vart legendarisk. Litt på grunn av det fantastiske været, men òg på grunn av at underteikna og kona hans fekk høve til å gå på 2 supre toppturar heilt åleine, utan pulk eller born. Kun ein sekk med mat og litt klede å fra med seg på tur. Super innsats frå besteforeldre, som var sjølvoppofrande flotte soldagar, gjorde at me fekk oss to toppturar av finfin kvalitet. Den kortaste av dei var ein tur på ca. 3t opp på Eilifsegga og nedrenn i superslush inst i Storabotn.
Den andre og mest grandiose turen vart gjort på Laaaaaaaaaaangfredag med eit kanonvær og pittelitt nattefrostskare som utgangspunkt.

Etter 15min med bil frå Mjølfjell nedover dalen mot Voss, kjem ein til Volli (ca. 460moh). Frå parkeringsplassen der var det ca 300m med tørrskodd gange, over toglina, over ei bru, før snøen var der og fellene kunne leggjast på. Opp t vil toppen av Olsskavlen (1576moh) tek det ca. 2 timar med moderat tempo. På toppen traff me nokre andre som var på veg mot Hondalsnuten, i tillegg til ein kar, som introduserte seg som Thomas Andersen, som hadde jogga opp frå Ulvik-sida. Noko månebedotten og litt satt ut vart fleire av oss, og det var ingen som hugsa å spørje kor lang tid han hadde nytta opp, men han gjennomførte turen visstnok eit par gonger i året.
Frå Olsskavlen går turen vidare til Seldalsnuten (1548moh) via eit til tider bratt nedrenn, og ditto bratt motbakke på andre sida av egga. På toppen av Seldalsnuten ser ein bort på Skipadalsnuten (1496moh), og det tek ein liten time (+) å kome seg bort der. Me tok ei avgjer om å stoppa turen der, for lettare å kome oss attende til Volli der bilen stod, men for dei ivrigaste er det høve til å fortsetja vidare til Hondalsnuten (1461moh) om ein kjenner seg sprek i beina, og har ein bil parkert på Reimegrend. For vår del lokka ein utspadd sitjeplass, varm kakao og ei digg nistepakke og ei strålande sol frå blå himmel. Nedrennet til slutt var også legendarisk, og etter 7 timar med sol og ekstrem kvalitetstid, var skia attende i skiboksen, og me på veg oppatt til hytta. 2130 låg eg med nebbet på puta og snorka nøgd!


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags