Trening til Bergen - Voss 2011: mai

Posted on May 3rd, 2011

VEKE 17:
01.05: Dobbeløkt: 1) Familetur opp Ulriken med 20kg 2-åring på skuldrane
2) Sykkel: 2t45min, sone 1-3 (Skold-Bontveit-Hausdalen-Fanafj.-Skjold)

KOM: Ei særs bra treningsveke med mykje god mengde og god kvalitet!!! Lovar bra for vekene framover. Herleg vær i tillegg gjer at treningane vert gilde å gjennomføra.
VEKE 18:
02.05: FRI
03.05: 3 x personleg trening med kunde på jobb: styrke, spenst, løp
04.05: Sykkel: Jobb-Varden-Fanafjellet + 3 x Fanafjellet opp (9,59/10,20/10,03), p:6-7min, 60km
05.05: Alternativt: 2 x PT på jobb
06.05: 2 x personleg trening med kunde: aerob kvalitet på mølle + div. styrke
07.05: Sykkel: Skjold-Bontveit-Hausdalen-Os-Fanafjellet. 3t, 70km
08.05: FRI: LøvHam kamp og siger 3-0 mot Strømmen

KOM: Litt rusten veke, med litt lite mengde. Mykje jobbing gjer at det har vore vanskeleg å koordinere treninga riktig. Sliten i beina på onsdag opp Fanafjellet, mest pga PT-trening med mykje spenst dagen før. Har pr no slutta heilt med tung styrke - kun funksjonell og med eiga kroppsvekt fram mot Bergen - Voss. O2 - test neste onsdag.....!
VEKE 19:
09.05: Springing: 60min hurtig langtur i Hordnesskogen.
10.05: FRI med hensyn til test
11.05: TEST: O2 + laktat. Resultatbetring på ca 10%: VO2max på 54,5 ml/kg/min, maxpuls: 188
12.05: FRI. Reise til Barcelona. Forkjøla/ luftvegsinfeksjon = inga trening :(
13.05: FRI. Barcelona. Forkjøla/ luftvegsinfeksjon = inga trening :(
14.05: FRI. Barcelona. Forkjøla/ luftvegsinfeksjon = inga trening :(
15.05: FRI. Barcelona - Deportivo (Camp Nou: 0 - 0). Forkjøla = inga trening

KOM: Starten på veka var noko ruskut. Var sår i hals og noko "tung" i kroppen. Fekk indikasjonar på at noko var på veg allereie på måndag då eg på ein vanleg joggetur låg 10-15 pulsslag over normalen. Testen den 11/5 var òg noko tung, og kjente at kroppen ikkje var heilt på hugget. Trass betring på effekt og O2max, var utnyttingsgraden gått ned, noko som indikerer at kroppen og lungene ikkje nyttar seg av oksygenet som kjem inn på optimal måte. Ein måte å påverke dette på er å trene med intensitet på terskelnivå over tid (i allfall på sykkel). Litt usikker på om eg er i rute etter denne veka utan noko trening å snakke om.
VEKE 20:
16.05: FRI. Retur frå Barcelona - seint heime.
17.05: Sykkel: hurtig langturpå 60min
18.05: FRI
19.05: Sykkel: hurtig langtur: 1t40min. Fana-Frotveit-Hausdalen-Fana
20.05: FRI
21.05: Spinning: hurtig korttur: 70min
22.05: Sykkel: langtur - 3t40min, max/snittpuls: 169/134
VEKE 21:
23.05: FRI
24.05: FRI
25.05: Sykkel:3x15min (p: 6-8min)terskelintervall, max/snitt: 161/155, 162/154, 166/151
26.05: FRI
27.05: Økt 1: Bakkeintervall i Hordnesskogen (30-120m) - totalt 80min
Økt 2: Sykkel: Hurtig langkøyring: Fana-Frotveit-Hausdalen-Fana. 2t30min
28.05: FRI
29.05: Spinning: 3t langkøyring, snittpuls: 128
VEKE 22:
30.05: FRI
31.05: FRI


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags