Trening til Bergen - Voss 2011: april

Posted on April 3rd, 2011

Oppkøyringa så langt har gått etter planen. Kanskje litt lite variasjon i den aerobe delen, og skulle gjerne ha hatt fleire løpsøkter i form av langturar og intervalltrening med joggesko i staden for sykkelsko. Vær, føre og kynisk prioritering på ettermiddag og kveld har ført til at lange "reiser" til og frå ulike treningsfelt har måtta utgå. Er nøgd med talet på økter pr. veke fram til no, og satsar på at perioden framover fortsatt er skadefri. Gler meg til å bytte ut spinningsykkel med den raude rasaren!
VEKE 13:
01.04: Personleg trening med kunde: 50min roleg langtur - jogg
02.04: FRI
03.04: Sykkel: 2timars tur - Fana-Hausdalen t/r, sone 2-3

Kom: Jippi!! Endeleg fekk racersykkelen lufta seg denne helga. 1.gong i år, og for ein blaut og kald tur. Fekk tilbod om Gullfjellet rundt, men starta sundagen med familiedag i bassenget, og skulle ta att syklinga etter lunsj. Ein 3 timars tur vart til 2 timar, med sykkelcomputer som fungerte suboptimalt og utan pulsbelte til å passe på (men det klarte hjernen ganske greitt på eiga hand). Digg tur lell. Kjente den turen inspirerte til oppfølgingar, og at talet på spinningøkter innandørs har lagt eit grunnlag som gjorde dette til ei kjekk oppleving trass motvind og regn.
VEKE 14:
04.04: FRI - sjuk og ikkje i støtet
05.04: Styrke: knebøy (djup): 3x6x90kg, knebøy (halv): 2x5x120kg
06.04: Styrke: overkropp og stabiliserande styrke
07.04: FRI
08.04: Spinning: 5x4min
09.04: Sykkel: Fana - Bontveit - Hausdalen - Fana, 50km - 2t
10.04: FRI - Stand på Fritt & Vilt messe (Grieghallen)

Kom: Kanskje ein av dei dårlegare treningsvekene, og det mest pga sjuksom. Sliten i kroppen og hovudet, mange lange dagar på jobb gjer at det er vanskeleg å få overskot på plass. Klarar likevel halde talet på økter pr. veke oppe på eit nokonlunde nivå.
VEKE 15:
11.04: Spinning: 3x10min, pulstopp: 161/165/164, snittpuls: 147/155/152
12.04: Styrke: knebøy (djup) 3x5x90kg, knebøy (halv): 3x5x120kg, diverse generelt
13.04: Sykling: til jobb (20min), Fantoft-Varden (30min), Varden-Blomsterdalen-Fana (60min)
14.04: FRI
15.04: FRI
16.04: Spining: 4x4min, pulstopp: 165/171/172/174, snittpuls: 152/156/157/163
17.04: Sykkeltur - Gullfjellet rundt. 95km på ca 4,5t i pisskliss regnvær (sjå bilete under)

Kom: Ei god veke med god intensitet heile vegen. 2 fridagar kom etter kvarandre, ikkje planlagd, men dog positivt for kroppen. Beste 4min-økta sidan eg starta opp etter nyttår, og fyrste skikkelege langturen i vår (som dog var i overkant tung på slutten...)
VEKE 16:
18.04: FRI - laaaaang jobbedag
19.04: FRI - avreise til påskeMjølfjellet
20.04: Skitur: 3t opp Eilifseggen. Fantastisk opptur og ikkje minst nedrenn
21.04: Skitur med borna: særs lågintensitet - sone 0
22.04: Skitur: Raundalsegga - 7t og 1500 hødemeter (Olsskavlen+Seldalsnuten+Skipadalsnuten)
23.04: Påskeskirenn: sone 0
24.04: Skitur med borna: sone 0

KOM: Roleg veke med fullt overlegg og medvit, både for å få restitusjon, men òg for å skape periodisering inn mot den siste månaden av trening fram mot Bergen - Voss 2011.
Les meir om turen på Raundalsegga på bloggen og ein faaaaaaaaaaantastisk påsketur!!!
VEKE 17:
25.05: Sykkel: Skjold - Bontveit - Hausdalen - Skjold. Tid: 1t48min (31,12/27,09/24,47/27,31min)
26.05: Alternativ: 3 x treningsøkter med kundar på BIK
27.05: Løp: Ulriken opp + Korketrekkaren. 71min
28.05: Sykkel: bakkeintervall - 4 x Fanafjellet (10,15/10,35/10,50/10,45 - p:6-7min)
29.05: Løp: Ulriken opp - prestasjonsfremjande trening med kunde
30.05: FRI


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags