UTE - topptur på Torefjell

Posted on March 26th, 2011

Laurdag 25.mars var det høve til å dra avgarde på ein topptur i Kvam, utan eit haleheng med pulk, minifeller, korte ski, små stavar, kjeks, varm saft, kald saft, kakao, plastkoppar, minisovepose, bleier, ekstra lue, ekstra vottar, skive, for små solbriller, for store solbriller, lue som er på, lue som er av, for sterkt lys, for hard snø, for glatte ski, frukt, snø i skoa, kalde hender, varme hender, våte vottar, og så vidare, og så vidare.
Besteforeldre som trør til, frigjev plutseleg 3 timar med kvalitetstid som skal nyttast på best mogleg måte! Topptur på Torefjell er slik kvalitetstid.
Turen gjekk frå Sjusete (langrennsarena) og på kryss og tvers opp gjennom lia. Med ei gardering av raud-, lilla- og universalklister gjekk det fint som berre det opp gjennom det skarete og islagde fjellet. Tur frå botn til topp tek kring 2 timar, 1t 45min om ein ikkje spinn litt baklengs på ski utan feste. Feller er som dei fleste veit noko oppskrytt, sjølv på glatt underlag, så du vert turen noko meir langdryg. Meir kvalitetstid spør du meg...!
Fantastisk utsyn på toppen, der ein kan myse på Hardangerfjorden, Folgefonna på andre sida og diverse topper kring i Kvam eller nokre av dei som ligg mot Kvamskogen og Hamlagrø.
Nedrennet var kanskje ikkje av überklasse i dag, men skeisseis er fint å renne på om ein ynskjer å styrka opp kne og okler!
Turen kan òg anbefalast på vår, sumar og haust!
GOD TUR!!!


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags