Trening til Bergen - Voss 2011: mars

Posted on March 2nd, 2011

VEKE 9:
28.02: Springeøkt: 60min hurtig langkøyring krydra med noko naturleg intervall:
01.03: Spinning: 75min roleg langkøyring - sone 1-2 (snitt:126bpm)
02.03: FRI - kvile for stinne lår
03.03: Intervall - tredemølle: 15x1min, fart: 10x16 + 5x16,5km/t, p:1min
04.03: Spinning: 5x4min, p:3min, maxpuls:168, snittpuls: 153
05.03: FRI
06.03: Spinning - intervall: 4x10min, maxpuls: 162/163/162/161, snittpuls: 155/154/152/151

Kom: Noko stinn i låra i byrjinga av veka etter førre helg strabasar i Gummiskogen (Hemsedal). Ikkje heilt i støtet før torsdag, og kjente at kvile er lurt... Intervallar med høgare fart på slutten og i snitt enn før. Ingen styrkeøkt, men let 3 dagar på ski gjere nytten - kjem heller sterkare att neste veke. Fint å ta med seg litt inspirasjon frå dagane i Oslo!!
VEKE 10:
07.03: FRI - jobbajobbajobba
08.03: Styrketrening: knebøy (djup):3x5x90kg, knebøy (halve): 3x4x130kg + diverse
09.03: Spinning: 80min langkøyring, pulstopp: 144, snittpuls: 121
10.03: FRI - ufriviljug sådan
11.03: Spinning: 5x4min, p:3min. pulstopp: 155/162/166/166/168, snittpuls:145/148/150/154/154
12.03: FRI - nok ein ufriviljug fridag...
13.03: Spinning: 4x10min intervallar, pulstopp: 165/167/166/166, snittpuls: 155/156/158/155

Kom: Litt amputert treningsveke der det har vore lite springing, halvgod styrkeøkt (lenge sidan førre) og den sat i nokre dagar. Får berre godta at det ikkje er alltid er slik at ein kan trene når ein vil. Bra trøkk på intervallane, men saknar lukta av asfalt...
VEKE 11:
14.03: Spinning: 80min langkøyring, pulstopp: 153, snittpuls: 122
15.03: Styrketrening: knebøy (djup):3x5x90kg, knebøy (halve): 3x5x130kg + diverse
16.03: FRI
17.03: Spinning: 5x4min, pulstopp + snittpuls: ukjent pga sviktande pulsbelte
18.03: Aerob løpeøkt: 45min, snittpuls: 127
19.03: Basistrening: 45min
20.03: Spinning: 4x10min intervallar: pulstopp: 158/158/158/160, snittpuls: 141/145/147/148

Kom: Fin treningsveke med ein del variert innhald. Endå noko tungt på styrkeøkta, og mangla litt trøkk på 10min-intervalla. Kroppen responderer vel kanskje snart på uteøktene som let vente på seg....
VEKE 12:
21.03: Akutt skiveprotrusjon i brystrygg! Økt: gå til butikken for å kjøpe Ibux + Paracet
22.03: Personleg trening med kunde: 90min variert styrke på bein + overkropp
23.03: Springeøkt: 60min hurtig langkøyring i Hordnesskogen
24.03: Spinning: 4x10min, p:4-5min, puls: usikker pga defekt belte
25.03: Personleg trening med kunde: Løpsøkt med bl.a bakkeløp: 8x100m, p:90s, puls:157-160
26.03: Alternativ trening: 2t40min timar topptur på Torefjell (sjå blogg), snittpuls: 130
27.03: Spinning: 5x4min, pulstopp: 152/165/169/170/169, snittpuls: 139/147/150/149/156

Kom: Heilt grei treningsveke sett ut frå starten, som ikkje var heilt god. Akutt rygg som oppstod måndagskvelden under middagen kunne dempast med betennelsedempande og smertestillande. Ingen spesiell behandling som fungerer på dei tinga der lell, bortsett frå å vere i aktivitet og rørsle. Gradvis betring. Ingen skikkeleg styrkeøkt denne veka, og det er ikkje heilt heldig. Bør ha dei tunge øktane jamnleg. Digg med ein topptur som alternativ trening, og pigg i beina på 4min dagen etter!
VEKE 13:
28.03: FRI
29.03: Styrketrening: knebøy (djup):3x5x90kg, knebøy (halve): 3x5x120kg + diverse
30.03: Spinning: 90min roleg langtur: sone 1-2
31.03: Spinning: 5x4min, puls: mangla pulsklokke

Kom: kommentar for VEKE 13 ligg under oversikta for april.


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags