Trening til Bergen - Voss 2011: februar

Posted on February 6th, 2011

VEKE 5:
31.01: Trøytt og lat
01.02: Intervalltrening på mølle:17 x 1min (15,5 - 16,5km/t) + lett styrke
02.02: Spinning: 4 x 10min, p: 4-5min
03.02: Fri
04.02: 1.økt: Laktat + O2-test på SiB 2.
2.økt: Styrke: knebøy (djup) 3x6x80kg, knebøy (halv) 3x5x120kg
05.02: Spinning: rask langkøyring 70min (sone 2-3)
06.02: Trøytt og lat att - også kalla restitusjon eller kvile...

KOM: Ok treningsveke med intervalltrening, styrke og test. Ligg nokonlunde bra an med tanke på dagsform. Prøver i løpet av februar å auke mengda med slyngetrening saman med intervallar som har endå meir korrekt intensiten framover. Kunsten for ein pappa med 2 små, og stort sett treningstid som er tilgjengeleg mellom kl. 2000 - 2300, er å få prioritert riktige mengder, intensitet og restitusjon parallelt med at treningsiveren vert større utover vinteren og våren... Om nokon har ein trylleformel for dette, så er de hjarteleg velkommen til å dele den med meg og resten av dykk som prøver å finne ut av det same!
Dersom du er interessert i å ta ein slik test, så kan du ta kontakt med: Senterleder Rune Soltvedt, tlf: 55 54 51 80 eller mail: rune.soltvedt@sib.no.

Prisane på SiB er som følgjer:
Full kombinasjonstest (laktat + O2): kr. 900,-
Enkel laktattest: kr. 600,-
O2-test: kr. 500,-

Om du ynskjer meir info om SiB sin test-lab, trykk her.

Lukke til!!!
VEKE 6:
07.02: Spinning: 4x10min
08.02: Intervalltrening på mølle: 15x1min (5x15,5km/t + 10x16km/t)
09.02: Spinning: 85min langkøyring
10.02: FRI
11.02: Styrketrening: knebøy (djup): 3x6x80kg, knebøy (halv): 3x5x130kg
12.02: Spinning: 5x4min (max: 167bpm, snitt: 149)
13.02: Ufriviljug fridag med totalansvar i heimen :)

KOM: Ei god treningsveke med fin kvalitet på dei ulike øktene og grei komposisjon på intervall, styrke og uthald. Skulle gjerne hatt ei økt til slutt denne veka, men det lot seg ikkje gjere. Fin auke på styrken.
VEKE 7:
14.02: Sjuk - ein eller annan virusinfeksjon
15.02: Sjuk - men snart frisk....
16.02: Spinning: 80min hurtig langkøyring (max 154bpm, snitt: 123bpm)
17.02: Intervall på mølle: 15x1min (16,0km/t på alle), styrke: knebøy (djup): 3x5x90kg, knebøy (halv): 3x5x120kg
18.02: Prestasjonsfremjandetrening med kunde + 30min aerob løp på mølle, total: 90min
19.02: Alternativ trening: fantastisk dag på telemark i Myrkdalen!!
20.02: Spinning: 5x4min (max:163, snitt: 145)

KOM: Sånn halvbra veke der litt uggenskap i kroppen bremsa opp for ein del økter. Auke med 10% på djupe knebøy. Litt daff i kroppen på sundag, og klarte heller ikkje å pushe intensitet og puls som ynskjeleg på 4 -minuttarane. Elles kjennes ting bra ut, og det er var digg å pumpe litt mjølkesyre i låra på laurdag i bakken!!
VEKE 8:
21.02: FRI - trøytt og daff i kroppen, og det kjentes feil ut å belaste han i det heile...
22.02: Styrke: knebøy (djup): 3x5x90kg, knebøy (halv): 3x5x130kg + 60min prestasjonsfremjande trening med kunde - basis/ generell styrke, stabilitet og spenst.
23.02: Spinning: 4x10min, p: 4-5min (max:167, snitt:130)
24.02: FRI - reise til Hemsedal
25.02: Alternativ trening: alpint - offpist
26.02: Alternativ trening: alpint - løype
27.02: Alternativ trening: alpint - offpist

Kom: Grei treningsveke ispedd alternativ trening. Fint eigentleg med tanke på periodisering, i tillegg til at lårmuskulaturen får litt andre impulsar enn vanleg. Februar månad har hatt ok progresjon på styrke og bra vedlikehald når det gjeld intervalltrening. Endå fri for skade og lite sjukdom og anna knask som held ein vekke frå trening.


Posted in not categorized    Tagged with no tags


3 Comments

Joakim - February 7th, 2011 at 9:18 PM
Hei,

Likte bloggen din! Var mye innspirasjon for å målrette treningen mer enn jeg har gjort gjennom vinteren.

LYKKE TIL!
Paal Andre - February 8th, 2011 at 2:52 PM
Kan du ordne med tester for noen av oss andre som måtte være interessert?
Nekter at du skal vinne med vitenskap.....
Sanchez - April 14th, 2011 at 3:28 AM
Inspirerende videoblogg! Kunne dog aldri tenkt meg å sykle Bergen-Voss, men finner det likevel interessant å studere hva mennesket er villig til å utsette seg for av fysiske og psykiske påkjenninger for å få noen timers pause fra hverdagen (les: kone og barn), hehe!

Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags