Trening til Bergen - Voss 2011: januar

Posted on January 10th, 2011

Då er avgjerda teken, meir eller mindre. Det vert i år 3 år sidan eg sist sykla distansen frå by til bygd. Omstenda for skulkinga dei siste 2 gongene har vore relativt legitime i form av brydlaup. Denne gongen, 4.juni 2011, er eg nok ein gong invitert i brydlaup, men det ser ut til at verken eg eller psyken min vil tåle meir harsellering om eg ikkje deltek.

Så berre for å leggje litt meir press på meg sjølv enn naudsynt denne gongen, og spesielt i lys av ein katastrofal innandørs-hoppe-så-langt-du-kan-konkurranse som no er avvikla, har eg bestemt meg for å slå til på tilbodet frå ein nabo/ kamerat om å vere med i ei gruppe som skal ha mål om å sykle distansen på 4t 59min. Vil gjere alle merksame på at eg har sykla Bergen-Voss to gonger tidlegare, og bestetid så langt er 5t 50min10sek.Eg vil i tillegg gjere alle ekstra merksame på at eg er tidlegare løpar som var gild i særs korte distansar!

Om det er interesse for deg som lesar, så kjem eg til å halde denne bloggen oppdatert i forhold til treninga som vert gjennomført i løpet av dei 4 månadane som gjenstår fram til avtrakk.

Status pr. i dag er:
- Vekt: 88,1kg
- Høgd: 190cm
- Max O2: Ikkje målt på mange år, ei heller på sykkel
- Laktat: Ikkje målt
- Treningstilstand: Moderat grunntrening, lite styrke og uthald

Målet no framover er å etablere ein relativt god base av styrke-, uthald- og intervalltrening, og å få gjennomført ein O2/laktat-test i løpet av januar for å sjå korleis det eigenkomponerte treningsopplegget fram til 4.juni vil slå ut.
VEKE 1
01.01: 90min rask langtur på ski med ca. 250 høgdemeter stigning
03.01: Intervalltrening på tredemølle: 15x1min løp (trening med kunde)
04.01: Intervalltrening på tredemølle: 5x4min gange, 7,5% stigning (med kunde)
05.01: Lett styrke/ spenst (med kunde)
07.01: Intervalltrening på tredemølle: 15x1min løp + lett spenst/ styrke (med kunde)
08.01: 3.runde av Stille Lengde - KM (med katastrofalt resultat!)

Kom: Lite eigentrening, liten grad av høg kvalitet/ intensitet på treninga. For lite styrke + aerob.
VEKE 2
10.01: Spinning - 4x4min + slyngetrening
11.01: Intervalltrening på tredemølle: 5x4min løp i motbakke
12.01: Spinning - 75min langkøyring
13.01: 3t skikøyring i pudderhimmelen i Eikedalen. Ultimat! Fantastisk!!
14.01: Lett styrke/ spenst (med kunde)
16.01: Spinning: 5x4min, puls: 168-173

Kom: Meir relevant sykkeltrening, dog ikkje den store mengda eller lengda. Endå for lite tung og spesifikk styrketrening, men byrjar å leggje eit grunnlag som vil gje effekt.
VEKE 3
17.01: Slyngetrening - 45min
18.01: Intervalltrening på tredemølle: 20x1min + tøyging (med kunde)
19.01: Spinning - langkøyring 80min, sone 2
21.01: 35min aerob på mølle, knebøy: 3x6x80kg djupe, 2x6x100kg halve
22.01: Handlehelvete på IKEA!
23.01: Spinning: 4x10min intervall, maxpuls: 171, snittpuls: 155

Kom: Held ok vedlike den aerobe delen, fortsatt for lite mengde, men nyttar månaden på å byggje grunnlag. Fekk endeleg noko styrke på beina og vil prøve å ha slik ei økt 1 gong pr. veke.
VEKE 4
24.01: Planlagd økt gjekk ut i soving og ingenting...
25.01: 1 time styrke/ stabilitet/ spens med kunde + knebøy: 2x6x80kg (djup) + 3x6x110kg
26.01: Spinning: langkøyring 80min
27.01: Spinning: 5x4min
28.01: Tredemølle: 15x1min (fart:15,5km/t) + knebøy: 2x6x80kg (djup) + 3x6x120kg
29.01: Frisk fjelluft
30.01: Spinning: 75min langtur

Kom: God treningsveke med aukande tal på økter, og ikkje minst bra innhald og kvalitet. Ser fram til test i slutten av neste veke. Vil vere viktig å halde mengda på styrketreninga oppe, supplere med slyngetrening, og få opp lengda på langkøyringsøktene etterkvart som ein kan vere ute. Noko av utfordringa ligg i å administrere tida ein har til rådvelde på ettermiddag/ kveld/ helg, samstundes som ein skal vere pappa og ektemann, og faktisk jobba litt i ny og ne. Viktig med god kvalitet på det treningsarbeidet som vert gjort, istadenfor at det skal vere så veldig mykje arbeid som skal leggjast ned - og dette vert diskutert vidare i loggenbloggen for februar.


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags