INNE - Stille lengde: del 2

Posted on December 18th, 2010

Onsdag 15.november var dagen, eller kvelden, komen for del to av internmeisterskapen i stille lengde 2010/2011. Det vart ein kveld med mykje nerve, dramatikk og spaning. Bookingselskapa hadde gjort det spanande i førekant med å gje høge odds på outsiderane, men det hjalp diverre ikkje så mykje.

Spaninga vil likevel halde seg fram til den store finalen laurdag 8.januar 2011. Då er det bonuspoeng til vinnaren, og sjølv om ein etter runde 3 ligg i bakevja, så er det faktisk mogleg å kuppe heile sulamitten om ein berre klarar å ha fokus og energi heile vegen inn.

Status før runde 2 er at det er litt rufsete form ute og går på heile truppen, litt ymse prestasjonsfremjande middel i bruk, og ein del tvilsame treningsformar som har vore nytta i det siste. Spanande?? Ja, så absolutt!!!


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags