INNE - Stille lengde: ein konkurranse for menn

Posted on November 19th, 2010

15.november var starten på den fyrste av 3 konkurransar der tre kameratar skal ut i kappestrid og sjå kven som har mest eksplosivitet og størst kraft i kroppen sin.
Idèen om konkurranse i stille lengde kom i løpet av hausten 2010, der Johan, Marius og Arild fann ut at det kunne vere riktig og viktig å ha noko å konkurrere om, då det er lenge sidan me både sprang fort og hoppa langt. I ein alder av 30år+ er det viktig å finne noko som kan trigge konkurranseinnstinktet, og samstundes vere morosamt og inspirerande!! For underteikna har dette resultert i målretta styrketrening x1 pr veke med innslag av tunge knebøy og frivendingar. I media har det versert ein del diskusjon om kva, og ikkje minst korleis ein skal trene styrke. Om all synsinga er riktig, og om alle meiningane har konsistens er eg litt usikker på, men er er ein link om du vil lese litt meir: bt.no/sprek
Mi erfaring er at det å trene variert, med ulik intensitet og innhald er kanskje det viktigaste for oss eller dei som ynskjer å oppretthalde eit visst nivå når det gjeld form og styrke.

Det som vert vist under er den fyrste av 3 konkurransar, der det vert konkurrert i å hoppe lengst mogleg. Sidan alle tre som deltek er gamle og avdanka sprinterar, var det naturleg å velgje ei grein som krev enkel førebuing og enkle tiltak for å kome i toppform - spesielt for ein småbarnsfar til to. Resepten for underteikna sin del (Arild) har vore spesifikk styrketrening 1 gong i veka med knebøy til +90 grader på opptil 130kg (3x5) og frivendingar på 60kg (3x5). Personleg vekt ligg pr. hoppdag på 88kg. Til neste konkurranse (15. desember 2010) vil denne forhåpentlegvis vere på ca. 84kg, utan at treninga er endra så mykje. Så får me sjå korleis resultata eventuelt endrar seg i takt med trening og vekt....
Uansett har dette vore ein måte å skape initiativ og fokus i forhold til trening av spenst og styrke, og ein pådrivar til å kome i gong med ei spesifikk styrketrening, med eit konkret mål i andre enden.

Premien, for dei som er nysgjerrig på det, og som er ein særs viktig del av heile konseptet, er ein middag påspandert av dei to andre taparane. Valfri etestad, med valfritt tilbehør og vin!

Hugs: det er viktig å kose seg!!!



Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags