UTE - med intervallar over Vidden

Posted on May 14th, 2010

Det er berre å nytte på når det er finvær, og den finaste dagen så langt i mai var torsdag 13.mai. For den som tykkjer det er keisamt å sove, og heller vil få litt frisk luft og utsikt, så er det å anbefale ein tilsvarande tur over Vidden. Denne dagen var startpunktet nedst i Munkebotn. Etter ein roleg oppstigning til Rundemannen, og etter å ha sett ei røye som ikkje var like vaken som oss, var det tid for hopp, sprett og spring mot Ulriken. Terrenget er kjempefint til å trene både aerob kvalitet der ein går i høgt tempo eller joggar i roleg tempo. Me valde å gjere litt av alt denne dagen, der det òg vart lagt inn 8 x 5-minutts intervallar med intensitet på ca. 80% av max.puls. Pausane kan variere litt med terrenget, og ikkje minst trafikken av turgåarar i mot. Om ein tek turen ut i 8-9 tida om morgonen, har ein mykje av terrenget for seg sjølv. Turen over tek 2,5 - 4,5 timar, avhengig av tempo. I vårt tilfelle nytta me 3t 18 minutt, og medan dei som et ein god lunsj i restauranten gjerne tek bana nedatt, er det fullt mogleg å ha det litt moro med nedoverbakkeløp frå Ulrikens topp. 10 minutt lyt du rekne til du er attende nede på Montana, og med moglegens noko meir spenning i låra og trøytte anklar. Uansett er denne avslutninga noko meir spanande enn å sitje på med Perle eller Bruse.... Hugs nedjogg og tøyging!!!
GOD TUR!


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags