UTE - aerob trening opp Ulriken

Posted on May 14th, 2010

Fredag 7.mai var ein av dei fyrste skikkelege vårdagane her i Bergen i år, og det var på tide å gjennomføre personleg trening opp på Ulriken. Hovudelementet i UTE-konseptet er å kunne nytte naturen og terrenget kring oss til å trene på både riktig, variert og morosamt vis. Me er heldige i Bergen, der det er eit drøss av moglegheiter til å kunne gjennomføre slike økter.
I dette høvet var det lett oppvarming frå Montana og oppover til der stien deler seg i to. Den beste utsikta på turen får ein ved å følgje ryggen oppover slik at ein kjem nær bana att. Tidsbruken ligg på 20-45 minutt, avhengig av nivå og grunnlag. Det er viktig å starte roleg nok, og halde jamnt tempo då stigninga er relativt konstant. Unngå mjølkesyre og nyt utsynet!
På returen, som i dette tilfellet, kan ein gå bak Ulrikstoppen, mot Natlandsfjellet, og ned "Korketrekkaren". Kjempefint og variert underlag som høver til jogging og "steinhopping". God trening for balanse og koordinasjon, og kan leggjast opp som både anaerobe og aerobe intervallar om ein vil, ex: 10x1min (pause: 1-3 min), eller 4x4 min (p: 3-5min). Ver konsentrert då det er til tider særs kuppert og steinete. Returen tek ca. 20-30min, avhengig av tempo og pausar.
GOD TUR!


Posted in not categorized    Tagged with no tags


0 Comments


Leave a Comment
Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags