BT - sprek.no

mai - 2013

Trening kan vere så mykje og innhalde så mangt. Det treng ikkje alltid vere fokus på 4x4, terskelfart eller submaksimal belastning. Stundom er det kjekt å nytta naturen, terrenget og miljøet kring seg for å skapa ein kjekk treningsarena.
Her kan du få nokre små tips og hint om korleis du kan piffa opp treninga di!

Born med vaksenplager

oktober - 2012

Eit større tal born opplever plager i kropp og muskulatur som ein opplever som vaksen ved einsidig, eller mangelfull belastning. Er dette normalt? Skal det vere slik? Skal barn få oppfølging og behandling for slike plager?
Fysioterapeut Arild Solheim hjå BIK har nokre tankar og vurderingar når det gjeld denne type problemstillingar.

BIK hjelper dinside.no

juni - 2013

Mange slit med å velgja riktige joggesko til sitt bruk og behov. Dinside har fått hjelp av fysioterapeut Arild Solheim ved BIK til å gjere nokre nokre vurderingar kring kva skobutikkane har å tilby, og kva som er naudsynt av testar og analysar.
Ta ein kikk her om du ynskjer å få litt meir kunnskap før du gjer ditt neste skokjøp.

Start å springa - dn.no

juli - 2012

Her kan du få nokre tips frå Dagens Næringsliv, i samarbeid med BIK, om korleis du lett og greitt kan kome i gong med springing - dersom du ikkje veit heilt korleis du skal kome i gong.

Treng du meir hjelp - prøv gjerne BIK sine Springekurs. Info om dette finn du på fana øvst på sida!

Springekurs - TV2.no

april - 2013



Springekurs har vore ein del av tilbodet til BIK sidan 2012, både for gruppe og individuelt. TV2 følgde eit av kursa som vart halde i førekant av Bergen City Marathon.

Undrar du på kva det er, eller kanskje har du lyst å vere med på eit slikt kurs?
Trykk på lenkja for å sjå reportasjen!

Springekurs - bt.no

november - 2012

Springing og mosjonsløp er i vinden, og populært som aldri før.
Bergen Idrettsklinikk tilbyr Springekurs for dei som ynskjer opplæring og innføring i korleis ei kan trena på å få eit betre springesett, og ikkje minst meir ut av treningsøktene sine.

Bergens Tidene var med oss ein haustkveld og såg på kva kurset innheld, og kvifor mange vel å delta på BIK sine populære Springekurs!