Posted on June 3rd, 2012

Bergen Idrettsklinikk vann anbod!!

Juni og sommaren 2012 kunne ikkje vore innleia på betre vis! Bergen Idrettsklinkk deltok og gjekk sigrande ut av ein anbodskonkurranse som BIR (Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap) for levering av tenester for dei tilsette. Kontrakta som går over 3 år vil medføre at BIK syt for oppfølging og rettleiing innan slyngetrening og slyngebehandling, i tillegg til at dei tilsette får tilbod om livsstilsrettleiing. BIK er glade og stolte over å få høve til å følgje opp, og skapa resultat, hjå ein av våre største verksemdkundar vidare i tida framover!

Posted on March 11th, 2012

Denne sommaren vil Bergen Idrettsklinikk setje i gong med ei kursrekkje som vil auke kunnskapen om kropp og trening, både hjå dei som kan litt og dei som kan mykje.

Torsdag 7.juni vil me starta del 1 som passar alle som har ingen, litt eller mykje treningsbakgrunn.

TRYKK HER for å få meir informasjon eller for å melde deg på!

Posted on March 11th, 2012

Bergen Idrettsklinikk er glade og stolte over å kunne tilby deg å delta på eit fantastisk arrangement hausten 2012 - Feel High! Me lovar at dette vil verte ei treningshelg som du kjem til å hugse lenge, og som kroppen vil vere gild for å vere med på!!

Set av helga 7.-9.september! Ta med ein god ven, din partnar, din treningspartnar eller berre deg sjølv og få påfyll med trening og kunnskap!

TRYKK HER for å lese meir!!!

Posted on February 2nd, 2012

Har du fått plager under foten eller kring hælbeinet etter ein joggetur, fjelltur eller berre det at du har belasta litt annleis enn vanleg? Det er slett ikkje uvanleg, og det mange erfarar er at dette kan vere plager som sit i over lengre tid.

Om du vil lesa litt meir om korleis ein overbelastningsskade kan oppstå, og kva du kan gjera med den, så trykk deg vidare her.

Posted on October 24th, 2011

Fredag 4. - sundag 6. november skal Bergen Idrettsklinikk ta turen til Geilo for å aktivere spreke og initiativrike damer på fjellet. Eventen er i regi av Highland Hotel, og er meint som ein "booster" for jenter og kvinner som treng litt inspirasjon når det gjeld trening, helse, mat og velvære.
Bergen Idrettsklinikk vil sørgje for at damane vert slitne til lunsj, og der konseptet UTE skal nyttast til det fulle i frisk fjelluft!

Om du kan tenkje deg å vere med, eller kjenner nokon som dette kan passe for, så kan de gå inn på denne lenkja for meir informasjon.


◀ Older Posts


Search

Subscribe

follow on
Categories

no categories
Tags

no tags