BIK Bedrift

Mindre smerte med auka styrke

Bergen Idrettsklinikk tilbyr oppfølging til verksemder i Bergen og omegn. I løpet av dei siste åra har me nytta blant anna Redcord slynger som eit godt og effektiv verkemiddel for å førebyggje- og behandle muskelskjelettplager hjå tilsette.
Fleire av verksemdene me jobbar for har ein type belastning for dei tilsette som er statisk, tung og einsidig eller repeterande. Plagene kjem ofte eit resultat av desse belastningsfaktorane.

Me gjer alltid ei grundig fysisk kartlegging og testing av kvar enkelt tilsett. Ut frå denne testinga kan me tilpasse trenings- og øvingsprogram i forhold til dei plagene personen har, eller ynskjer å førebygge.

Vårt mål er at øvingane skal være lette å kome i gong med, og at det tek kort tid å gjennomføre programmet. Det er også viktig at fasilitetane er lett tilgjengeleg, samstundes som kvar enkelt arbeidstakar får grundig, tett og optimal oppfølging.

Nokre av verksemdene som har nytta, eller nyttar oss er:
  • BIR
  • SGS - SAS Ground Services
  • StatoilHydro
  • Bergen Fylkeskommune
  • Bergen Kommune - Bergen Brannvesen
  • Våkleivbrotet Kanvasbarnehage
  • Utdanningsforbundet i Hordaland
18. ferbuar var Bergen Idrettsklinikk representert under HMS-dagen til Statoil med trening og rettleiing av slyngetrening. Oppmøtet var veldig bra og entusiasmen stor, og me gler oss til å setje i gong med faste treningar etter nyttår!!
program_HMSdagen2010.pdf
klikk for å sjå program