Bergen - Voss 2011: 4.59???

Nei, det vart ikkje 4t og 59min.... Det vart 5.29.08. Skandale!! Rett og slett. Diverre er det heller ingen andre sin feil enn min eigen, og ein kropp som definitivt ikkje har lyst til å leike Kurt Asle eller Grimstadokse, eller Boasson Hagen for den del. Det hadde i tillegg vore kjekt om feltet hadde fungert greitt og tempoet hadde vore normalt, men det var det heller ikkje.
Så, kva skjer under rittet, og kva er årsaka til at eg no heng med hovud og nebb og er misnøgd med prestasjonane nesten 6 månader etter at oppkøyringa starta. Det mest innlysande i starten er jo å skulde på alle andre enn seg sjølv. Eg kan skulde på været, på starttidspunktet, på temperaturen, eller svinginga av temperaturen, på det heilt mentalt forskrudde opningstempoet, på mangelen av struktur i feltet, mangelen av karbon på sykkelen, alderen på sykkelen, høg vekt (på sykkelen!) og andre småting som påverka meg i større eller mindre grad. Eg kan det, men vel å ikkje gjere det, for samstundes hadde eg ingen uhell, ingen velt, ingen punkteringar, ingen mangel på mat, ikkje hadde eg for lite vatn eller væske heller...
Det er faktisk lite att å skuld på anna enn seg sjølv og mangelen på dugleik som syklist. Hmmm, akkurat det er det litt emmen smak av, men kanskje så sant.

Kva er då grunnen til at eg bommar så inni granane på målsetjinga?? Me snakkar om ein halv time eller 30min! Når eg går gjennom treningsloggen så er det faktisk lite eller intet anna eg kunne gjort stort annleis avdi:
Eg hadde ikkje fleire dagar eller treningstimar å ta av
Det var ikkje skadar eller sjukdomsavbrekk anna enn noko 3 veker før rittet
Kvaliteten på øktene var submaksimale eller maksimale ut frå vær, føre og høve
Restitusjonen var så god som det lot seg gjere i forhold til jobb og familie

Det einaste eg ser eg kunne justert var å ha fleire langintervalløkter på eit tidlegare tidspunkt på terskel (15minuttarar). Desse kjende eg var gode ting, men det hjelp så lite når feltet startar i kamikazetempo frå Danmarksplass av.
Mogleg det hadde hjulpe å ikkje måtte peise på dei siste 10min ned til Grieghallen for å rekkje starten, men det er små detaljar...
Fyrste figur: syner fordelinga av puls i dei ulike sonane gjennom heile Bergen - Voss.
Andre figur: Denne syner pulskurva gjennom heile løpet. Mogleg den ikkje gjev den store skjelven i buksa for dei fleste, men når ein veit frå testane før i vinter og vår, at terskelpulsen min ligg på ca. 159 slag/min og makspulsen min er på ca. 188 slag/min, får ein gjerne ei kjensle av at intensiteten er ein smule høg i starten for min del!
Tredje figur: stadfestar at snittpulsen for løpet er på 155 slag/min - det er 82,5% av maxpuls
Fjerde figur: Pulskurva for dei fyrste 2 timane. Heng her fortsatt med feltet, ingen syre i beina. Tungt, men er flink å tilføre kroppen væske, sukker og næring.
Femte figur: syner den store smellen etter litt over 2t 30min. Kjem til Norheimsund etter styrtpilotsykling ned Tokagjelet for å ta inn feltet. Held heit fint nedover Steinsdalen og inn mot rundkøyringa i Norheimsund. Og der kom KRAMPA!!! I begge lår. Samstundes. Laut slutte å trø, feltet drog avgarde og det var tid for å slikke sår og tørke tårar, sveittetårar såleis...
KONKLUSJON:
Eg trur ikkje eg kunne gjort så mykje annleis verken denne dagen eller med førebuingane. Kroppen var eigentleg i kjempeslag, og det at eg kunne halde så høg intensitet over så lang tid utan å få stive og sure bein tyder på at kroppen hadde mykje overskot og var i veldig god form. Såleis har eg truffe både med treningsmengde og intensitet, i tillegg til restitusjon, kost og kvile. Grunnen til at eg møtte veggen i Norheimsund er rett og slett at intensiteten var for høg for min kropp, og muskulaturen vart rett og slett sliten. Difor krampe og ikkje mjølkesyre. Krampa lurte i bakgrunnen heile vegen innover fjorden, og slapp ikkje taket før eg kom i mål. Det var litt taktikkeri undervegs mellom meg og den, og der eg heile tida prøvde å lura krampa til å gå vekk eller forsvinne. Den var visst lurare enn meg heile vegen.
Vel, vel. Slik er det når ein kropp som likar å bevege seg kort og fort prøver å verte konvertert til noko han ikkje likar. Det var forsøket verdt, men det kjem sannsynlegvis ikkje til å gjenta seg.
Ein fin tur var det lell!