Arild vs Triatlon

Intro, info og mogleg litt vissvass.
(treningsloggen ligg litt lengre nede på sida.....)

4. oktober 2012 var ein merkedag, eller i alle fall ein dag som markerer eit nytt fokus for tida framover. Kvifor? Jau, avdi det i løpet av denne dagen vart teke ei avgjerd som kan syne seg å vere lite fruktbar og morosam, eller faktisk ganske så givande og kjekk!

Kva er årsaka til å at eg no skriv desse linjene som kan minne om ein blogg? Og kvifor skal de lese dette i tida framover? Vel, det er faktisk noko eg ikkje kan gje noko godt svar på, anna enn at eg på lik linje med mange andre i dette landet skal gjere ting eg ikkje kan!

Så kvifor skal ein byrje med ting, og konkurrere i noko, som eg i utgongspunktet ikkje meistrar eller er spesielt interessert i? I ein alder av 37 år? Vel, eg kan å sykla, eg kan å springa og eg klarar for så vidt å halda meg flytande i vatn... Men det er endå ikkje noko argument for å velga verdast hardaste (seier dei no) triatlon - ein halv Ironman.
Her er 10 argument som poppar opp i mitt hovud, som til dels kan forsvara ei slik avgjerd:

0. Det er inga midtlivskrise, sidan det endå er mange år til eg er 40!

1. Bergen - Voss er blitt jobba med før, og vart eit slik sett mislukka prosjekt. Les her om du vil

2. Nye målsetnader er bra - spesielt for hovudet, og det er kjekt å meistra nye ting!

3. Det vil vere ei monsterutfordring å få kroppen min til å "lika" noko som varar i 13 timar
særleg sidan eg vanlegvis prioriterer treningsøkter på 45 - 75 minutt.

4. Eg har ikkje vore skada på lang tid, sett bort frå det relativt fatale og lite vellukka forfot- og
barfotspringeprosjektet i 2011. Ynskjer sjølvsagt halde fram med det, og ser med
nysgjerrige auge på treningsøkter med anna innhald og intensitet enn vanleg.

5. Mi eiga trening finn stad i stor grad ute. Eg gjennomfører personleg trening med mine
kundar stort sett ute. Eg får dei beste fysiske sanseopplevingane mine ute og i fjellet.
I Aurland får ein alt dette i ein einaste gedigen monsterdose!

6. Eg har endå ikkje somla meg til å gå opp den vakre Aurlandsdalen endå.

7. Ein av mine kundar sa at det var ei fantastisk oppleving, og eg var dum nok til å tru på det!

8. Sverre Hjørnevik, ein av mine stisykkelvener, trengte også eit mål for treninga si. Heller
ikkje han har gjort dette før. Så me tenkte begge: to som slit er betre enn ein som slit!

9. Eg lyt tileigne meg ny kunnskap og røynsle, vere lur i treningsarbeidet, og finna den
beste kombinasjonen av familie, jobb og trening. Konklusjonen er at det ikkje skal gå ut
over noko eller nokon, andre enn meg sjølv.

Så kva skjer vidare??

Framover vil det verte skrive om ulike treningar, røynsler og tankar kring dette "prosjektet".
For den av dykk som tenkjer på å starta med det same sjølv, eller ynskjer å vite litt om kva ein gjer, og korleis ein trenar som komplett og fullstendig nybyrjar, så vil denne sida vonleg kunne gje nokre svar.

Treningslogg - 2013

VEKE 33 - 2013

M 12.08: Kjøbenhavn - trakking på Kjøbenhavn Zoo
1) Symjing - 600m i hotellbasseng (12,5m)
2) Tredemølle: intervall 1-2-3-2-1-1-1min, p: 1-2m (14,5-16,5km/t)
T 13.08: Heimreise Kjøbenhavn. Innesykkel: 60min, z1
O 14.08: Fri
T 15.08: Innesykkel: 45min, z1
F 16.08: Fri - avreise til Aurland
L 17.08: AXTRI 2013!!!
S 18.08: Køyrer heim til Bergen om natta etter AXTRI, sliten og nøgd og er i seng 0300.....!

KOM:
Ei særs roleg veke inn mot AXTRI der alt eigentleg går på å skapa overskot og toppform. Det er i seg sjølv ei vanskeleg affære då eg skal prøva å gjere toppform ut av noko eg ikkje har røynsle med frå før. Kroppen kjennes bra ut, eg er skadefri og alt har gått som planlagd!
VEKE 32 - 2013

M 05.08: Innesykkel: 90min, z1
T 06.08: PT: amputert naturleg intervall 1-2-3-2min
O 07.08:
1) PT - aerob 25min + intervall 1-2-3-2-1min
2) Sykkel: bakkeintervall, 3xBontveitbakken, 62km, 1600høgdemeter, 3t
T 08.08: Fri - avreise Kjøben
F 09.08: Fri - ferie i Kalundborg
L 10.08: Kalunborg. Springing: 20min kont. + 5x250m drag, p: gå attende
S 11.08: Kjøben: Fri - familien på Tivoli

KOM:
Det var planlagd, men kanskje ikkje ein optimal plan å dra til Danmark med familien så tett opptil AXTRI. Ulempa = suboptimal oppladning. Fordelen er tvungen fri, noko som kan slå positivt ut! Fekk gjennomført ei aldri så lita monsterbakkeøkt opp på baksida av Bontveit på onsdagen. Det var saker!! Kunne ha dundra på med 1 intervall til, men det var ikke tid ift andre familieting. Kjentes veldig bra ut - god respons i beina. Kjente også det gjorde susen å få satt på ein "kompaktkrank" på den gamle hesten. Heilt anna moment i tråkket i bratta. Lurt trix, men seier noko om alderen på velocipeden.... Utdatert på sett og vis.
VEKE 31 - 2013

M 29.07: PT - lette bakkeintervall
T 30.07: PT: 3X5 min nat. intervall
O 31.07: Innesykkel: 90min z1-2
T 01.08: 1) Sykkel: Bontveitbakken x3, 65km, 3t15m, 1700 høgdemeter
2) PT - lett kondisjon 40min 3) 2xUlriken opp på 2t 4) PT UTE: 35min aerob + lett styrke
F 02.08: Symjing: 2,81km, 1t5m (splitt 5k: 12-12-10-14-16)
L 03.08: FRI - forefallande surr og vas i heimen
S 04.08: Duatlon: Skjold - Totaland (sykkel)- Livarden - Totlandsfjellet (løp) - Skjold (sykkel), 3t, regn og passeleg dårleg vær m/ Øystein Engelsen

KOM:
God og hard treningsveke, som toppa seg på torsdag med nærmare 8t trening og aktivitet. Kroppen tolar det fint, men kjente kraftig blodsukkerfall og krampetendensar etter siste turen oppe på Ulriken. Hjalp godt med Redbull + Cola :) Fin og nyttig lærdom.
Fredagen var også ein opptur, som stadfesta noko som likna "symjeform" og som gav meg ei kjensle av at symjeetappen er gjennomførbar. HURRA!! Ikkje noko eg trudde på i februar...
VEKE 30 - 2013

M 22.07: Fjelltur: Trolltunga, 11k 4,5t
T 23.07:1) Retur Trolltunga, 11k 3t40m 2) Springetur Bondhus - brea t/r (2t, m sekk + kamera)
O 24.07: PT: 40min kont. z2
T 25.07: Springetur: Vidden over (t/r Svartediket), 3t16m, 18,8k
F 26.07: FRI - utearbeid
!! Skifta til kompaktkrank på XXL
L 27.07: Sykkel: 67km, 3t30m, 1750 høgdemeter. 2xBontveitbakken + Fanafjellet
S 28.07: 1) Symjing Grimseidpollen : 2,5k - 55min 2) Spinning: 60min z1-2

KOM:
Fantastisk veke med naturopplevingar og treningsøkter over all forventning og tidlegare røynsler. Trolltunga var kos, men saman med springetur på tysdag, så gjorde den susen.. Takk for pes Sverre!! Ny langtur på torsdag med løp, og kanonøkt på sykkel på laurdagen og merka ulikskap på originalkrank og den nye kompaktkranken! Avslutta veka med ei symjeøkt som var ei særs positiv oppleving - fyrste lange økta i våtdrakt. Meir eller mindre kontinuerleg. Ok flyt, men kjenner at det ikkje er full sprut i kroppen.
MEN: fantastisk treningsveke, ting funkar, pusten er god og eg er skadefri :)
VEKE 29 - 2013

M 15.07: Innesykkel: 7x8m intervall, p:2m, z3-4
T 16.07: Duatlon: 1) Hordnesskogen - 51min, 2) Spinning - 70min (z1-2)
O 17.07: PT: ellipse pyramideintervall 1-2-3-4-5-4-3-2-1min, p1-2m
T 18.07: 1) Symjing - 2250m, 2) Styrke, lett bein (3x70) + overkr.
F 19.07: 1) PT:jogg + 5xbakkeløp, 2) Stoltzen: 14m40s
L 20.07: Sykkel: t/r Bondhus - Markjelke
S 21.07: Fjellspringing Mjølfjell (12k, 2t14m)

KOM:
FANTASTISK treningsveke!!! Kvalitet på øktene over heile linja. Mykje godt vær, mykje god utetid, og kroppen funkar som berre rakkaren. Nice! Symjeøkta denne veka er den lengste og BESTE eg har hatt, og den vart gjennomført ute i Grimseidpollen!! Jippi - endeleg litt godkjensle med vatnet. Takk til Andreas som var følgjesvenn i kajakk og gjorde det heile noko meir trygt!
VEKE 28 - 2013

M 08.07: Sykkel - Bontveit t/r, 1t55m
T 09.07: Fri - jobb + reise Mjølfjell
O 10.07: Fjellspring - 2t40m, 12km
T 11.07: Fri
F 12.07: 1) symjing i Slondalsvatnet 2) Fjellspringing - Ljosanberget rundt,75min
L 13.07: fri - tur til Mauranger
S 14.07: fri - retur Bergen

KOM:
Fyrste test av våtdrakta.... Trudde eg skulle daue! 8-9*C i vatnet og heilt ufatteleg kaldt. Laut nytte 5min til tilvenning, berre med å vere i vatnet. Klarte ikkje halde hendenen nedi avdi det gjorde så vondt! Fekk supersjokk når deg skulle putte nebbet under vatn for å symje. Akutt respirasjonsstans på refleksbasis, og ei akutt tvil om eg i det heile hadde gjort det rette med å melde meg på dette greiene. 4 veker til start, og dette var litt nedsig. Litt lite med økter, men godt innhald på dei eg har hatt. Mykje treningsfri pga koordinerning av borna til besteforeldre.
VEKE 27 - 2013
FERIE i Georgia: Tblisi, Kaukasus, Batumi.

M 01.07: Morgonløp: 75min kontinuerleg
T 02.07: Batumi.Symjing: 2km tilsaman, teknisk jobbing, 400m på det meste (50m basseng)
O 03.07: Fri
T 04.07: Morgonøkt: oppv/tøyg/stig, 2x6x1min, sp:2min (retur Tbilisi)
F 05.07: Fri
L 06.07: Springetur: 2t kont. fjell/vidde
S 07.07: Fri

KOM:
Er i Batumi, austkysten av Georgia. Russarene sitt svar på Playa del Ingles. Med rullesteinstrand. Klok avtidlegare skade så var det heller ikkje noko alternativ å springa på stranda. Kjenner det er vanskeleg å kombinera optimal trening med optimal familieferie. Men det går på eit vis. Lyt berre tenkje litt alternativt.
VEKE 26 - 2013

M 24.06: Fri - dårleg/lite søvn
T 25.06: Springing: 90min opp/inn/ned Tbilisi
O 26.06: Springing: 50min opp/ned Tbilisi
T 27.06: Spring: Morgonøkt. 2t40m i Kazpegi! 960 høgdemeter.
F 28.06: Rest: 4t gåtur i fjellet opp til 2728 moh
L 29.06: Fri - tur Kazpegi-Tbilisi
S 30.06: Fri - reise til Batumi

KOM:
Veldig varmt i Georgias hovudstad!! Kjem fort opp i 33-36*C. Ikkje noko å trakta etter sånn treningsmessig. Slik me bur så er det også vanskeleg å få til noko skikkeleg opplegg, men nokre små fjell og åsar berga aktivitetsnivået.
Turen går frå Tbilisi og til høgfjella i nærleiken av russargrensa. Trenings- og fjellturar opp til 2600 m.o.h. kjenner lite til høga, i motsetnad til førre gong eg var i området og skulle karra meg opp på Mt. Kazpegi. Lite suksess den gongen for 8 år sidan, men det er ei anna historie..
VEKE 25 - 2013

M 17.06: ?
T 18.06: 2xPT (mod, Ulriken opp), Springekurs Alvøen
O 19.06: 2xPT (1lett,1mod), Springekurs 1830
T 20.06: 3 x PT, 1 x lett, 2xmod (bakkeløp, 1sprint) roleg sykkel heim
F 21.06: Fri - reise til Georgia
L 22.06: Fri - søv lite/dårleg
S 23.06: Fri - søv lite/dårleg

KOM:
Lite eigentrening denne veka, og relativ hektisk jobbekvardag. Ikkje optimalt. 22t reise frå Bergen til Georgia var heller ikkje noko som gjorde susen... Kom heilt ut av rytme og sov heller dårleg i dagane etter ankomst! Scheizze!
VEKE 24 - 2013

M 10.06: ?
T 11.06: 3xPT, 2xlett/1xmod (Ulriken opp) + sykla til jobb/Montana
O 12.06: ?
T 13.06: Springekurs - Alvøen
F 14.06: 2xPT, lett/mod- int.
L 15.06: Roleg og kort fjelltur m fam.
S 16.06: Duatlon: Skjold-totland-livarden-skjold: 2t30m

KOM:
VEKE 23 - 2013

M 03.06: Sykkel: t/r Bontveit, 2t1m
T 04.06: FRI - trøytt og hovudsmerte
O 05.06: 1) Styrke: 4x80kg knebøy + divv, 2) Innesykkel 75min, 2x12min intervall (z2-3)
T 06.06: BIR + lang dag på jobb
F 07.06: 2xPT økter (lett)
L 08.09: Springing - Hordikken, 9,7km - 49m45s!!!
S 09.06: Duatlon: sykla til Totland, springa Livarden-Tot.fj-sykla heim. 29,5km, 2t53m

KOM:
VEKE 22 - 2013

M 27.05: ?
T 28.05: ?
O 29.05: Sykkel: Bontveit t/r, 2t
T 30.05: FRI, evt ting på BIK
F 31.05: PT 1+2: lett, eigen: superkort + lett styrke overkr.
L 01.06: Spinn - intervall: 12+10+12+10min, p:2-4m
S 02.06: Springing, Hordikken 9,7, 50m42s, tung

KOM:
VEKE 21 - 2013

M 20.05: Springing: bondhus-Gjetingsdalen, 1t40min
T 21.05:
O 22.05:
T 23.05:
F 24.05:
L 25.05:
S 26.05:

KOM:
VEKE 20 - 2013

M 13.05: Innesykkel:75min kont, z3-3
T 14.05: 1) PT lett styrke, 2) Styrketrening: knebøy 80kg++
O 15.05: 1)PT(lett styrke), 2) PT Springing Hordikken, 9,7km - 1t2m (lett)
T 16.05: 14t arbeidsdag + Livstilskurs + lett grums i kroppen
F 17.05: FRI: Bryggjer på sjukdom - no good :(
L 18.05: Springing: bondhus-brea, 1,5t k: fantastico
S 19.05: Sykkeltur: 2,5t, opp mot Markjelke (900moh)

KOM:
Lett forkjøla + allergi
VEKE 19 - 2013

M 06.05: FRI, sliten 4,5t søvn
T 07.05: 1) Livstilskurs BIR, 2) PT medium int 3) Springekurs
O 08.05: 1) Ulriken opp (27m55s inn biletetaking), 2) PT lett, 3) PT lett
Kom: tendens til stram TFL - lyt nåle meg sjølv
T 09.05: FRI
F 10.05: Hordikken 9,7km, 51.55
L 11.05: 2t vedhogst og rydding
S 12.05: Symjing: 500+1000m + 300m teknikk

KOM:
VEKE 18 - 2013

M 29.04: springing Hordikken, 9,7km 55min
T 30.04: symjing 2x500m + 200m pull bouy
O 01.05: Sykkel???
T 02.05: 1)PT 2) Springekurs
Kom: vond legg, hogg til på PT
F 03.05: PT: ellipse 2+3+4+5+4+3+2
L 04.05: Sykkel -4+6+8+10+8+6+4, p:2min
S 05.05: Stoltzen opp x 2 (15.41 + 16.05), kunne ikkje springa pga HØ legg

KOM:
VEKE 17 - 2013

M 22.04: sykkel 45min z2-3
T 23.04: 1. PT - gen.styrke 2. Symjing 1400 crawl + 500 pull bouy
O 24.04: PT1: bik lett styrke, PT2: Hanne på TALI
T 25.04: Livsstilskurs + PT
F 26.04: PT: 15x2m på ellipse
L 27.04: "FRI" - vårstell i hus og hage
S 28.04: Sykkel 5x8min, z3-4

KOM:
VEKE 16 - 2013

M 15.04: Innesykkel 60min z2-3
T 16.04: 1) PT duo - med. intensitet ). Springekurs Yt og Nyt
O 17.04: 60min jogg z1 Frognerparken
T 18.04: Fri
F 19.04: 1.PT 20min mølle + 4x4 ellipse, 2) ?
L 20.04: Fri
S 21.04: Tredemølle: 5x4min (13, 13½, 14, 2x14½km/t) + styrke

KOM:
Endå ikkje økter med fynd og klem i.... Bra futt på tredemølla, endå ikkje mengde med lengde!
VEKE 15 - 2013

M 08.04: ? (manglande notat...)
T 09.04: 1) PT - lett på mølle + styrke 2) Springekurs i Hordnesskogen
O 10.04: Mølle: 4x4min, 13 5km/t p:2
T 11.04: 1) Livstilstrening BIR 50min, 2) Springekurs del 3
F 12.04: 1) PT ute, lett kondisjon 2) PT: 10 sykkel oppv, 15m mølle, ellipse: 2+3+4+3+2, p:1-2
L 13.04: Sykkel 4-6-8-6-4, p: 2+3
S 14.04: Symjing: 1200m sakte + teknikk

KOM:
Treningsveke med lite spesifikk trening, men økter på andre sine premissar + kurs og eksterne opplegg. Kanskje berre symjeøkta som var av ok innhald, dog endå ikkje optimal kvalitet. Lettare i kroppen for tida.
VEKE 14 - 2013

M 01.04: Sykkel: 4+6+4+6+4, p:2m
T 02.04: 3xPT økter, 2xmod + 1xlett
O 03.04: Fri
T 04.04: Frisktrening bedrift 40min + Springekurs på kvelden
F 05.04: Fri - Styremøte + kidz åleine
L 06.04: Sykkel 5x4min, p:2m, ingen styrke
S 07.04: Sykkel 30min, z2

KOM:
Litt broket treningsveke med varierande mengd og kvalitet. Inge høydare på noko vis...
VEKE 13 - 2013 (Påskeferien)

M 25.03: Skitur på Tveitakvittingen z1-3, 2t40m
T 26.03: Ski med kidza i Furudalen
O 27.03: Springing: hytta-Ungdomsherberget-Roen, z:2-4, t:60min (Mjølfjell, -13*C!)
T 28.03: Skitur - kosetur m kidza
F 29.03: Skitur: nussene-roaneggen-borgabu, 2t20m z:1-3
L 30.03: Springing: 70min inn Ljosandalen på snø/skare, z 2-4
S 31.03: Heimreise + pakking

KOM:
Alltid litt utfordrande å finna optimal trening i kombinasjon med ferie og fjell om vinteren, men all trening treng ikkje vere direkte relatert til sykkel og symjing. Fleire fine økter med aerob kvalitet. Kombinasjonen av ski og springing er super. Snø som underlag for springeøkter er også finfin så lenge det er hardt nok. Utfordringa litt i kulda, som er hemmande på asmatiske bronkiar som ikkje tykkjer at kald luft er knal i padden...
VEKE 12 - 2013

M 18.03: 2xPT økter, lett intensitet (Legg meg 2145!! SLITEN...)
T 19.03: 1) PT: 10x2min ellipse/ lett styrke, 2) Symjing: 2x500m roleg/ 300m tekn. m pull buoy
O 20.03: Sykkel: 4-6-4-6min, p:2m
T 21.03: PT: lett jogg, tøyg og styrke
F 22.03: PT: mølle 5km 25m0s, lett styrke.
L 23.03: Hordikken, 9.7km - 51m0s
S 24.03: FRI - tur med kidza på ski

KOM:
Ingen spesiell opptur denne veka heller. Symjinga går sin gong og denne veka har eg fått låna meg eit flyteverkty av ei som driv med triatlon, og nyttar dette for fyrste gong til teknikktrening. Kan ikkje seie at eg får heilt dreisen på det gitt... Slit med å bikke 50min i Hordnesskogen. Kjenner at eg vert litt umotivert av dei 2 rundane der inne....drittskog!
VEKE 11 - 2013

M 11.03: Tredemølle 12min oppv, tøyg, 4x4min (3x13,5km/t + 1x14km/t)
T 12.03: Innesykkel: 4-6-8-6-4, p2min, z4
O 13.03: FRI
T 14.03: PT (60min), 10min oppv, 3x100-200m bakkeløp, 2x500m naturleg intervall
F 15.03: PT (60min), mølle 5km (24m25s) + 4x4min på ellipse
L 16.03: IMS kurs - fri
S 17.03: Springing: hordikken 9,7km, 53m40s.

KOM:
Tung, trøytt og sliten på slutten av veka. 4 intervalløkter i løpet av veka fordelt på mølle, ute, ellipse og sykkel. Det positive var vel at det var bra fart på mølla, det raskaste hittil.
VEKE 10 - 2013

M 04.03: Innesykkel - 4+6+8+6+4min p:2-3min + superlett styrke (2110-2230)
T 05.03: PT: 10min sykkel, 5km mølle på 25m0s + lett styrke
O 06.03: Tredemølle - 10km, 50min (Tungtungtungtung!!)
T 07.03: Fri
F 08.03: PT: ellipse 15x2min p1min
L 09.03: Innesykkel 4-6-8-6-4, p;2-3 + lett styrke
S 10.03: Innesykkel 60min, zone 3-4

KOM:
Ei veke med lett kombinasjon av intervalltrening og kontinuerleg arbeid. Vert ikkje mykje mengde og lengde på sykkeløktene, noko som har si bakgrunn i mangel på tid og høve.
Endå lite "futt" i kroppen, men klarar gjennomføra øktene med bra intensitset.
VEKE 10 - 2013

M 04.03: Innesykkel - 4+6+8+6+4min p:2-3min + superlett styrke (2110-2230)
T 05.03: PT: 10min sykkel, 5km mølle på 25m0s + lett styrke
O 06.03: Tredemølle - 10km, 50min (Tungtungtungtung!!)
T 07.03: Fri
F 08.03: PT: ellipse 15x2min p1min
L 09.03: Innesykkel 4-6-8-6-4, p;2-3 + lett styrke
S 10.03: Innesykkel 60min , zone 3-4

KOM:
Grei aerob veke. Ingen spes. å snakka om. Kroppen funkar den.
VEKE 9 - 2013

M 25.02: Sykkel: 5x4min, p2, z4
T 26.02: 1) Ulriken 60min 2) Symjing - 2x500 crawl + litt teknikk
O 27.02: Innesykkel - 75min + kort styrke
T 28.02: PT - bakkeint. 30-60-90-60-30 x 2 + lett styrke
F 01.03: Ski i Hemsedal
L 02.03: Topptur til Tinden 80min i kuling og storm!
S 03.03: Skikøyring Myrkdalen

KOM:
Variert veke treningsmessig. Ingen økter med spesielt høg intensitet. Symjinga går betre. Endå lite med flyt og fråvær av godkjensle, men klarar å få gjort unna nokre meter i løpet av økta. 3 dagar med skikøyring og topptur går inn i kategorien aerob kvalitet + styrkeuthald.
VEKE 8 - 2013

M 18.02: 1)PT kunde lett aerob + styrke 2) Mølle: 10km, 49m40s (12,3km/t - 13,0 siste 5min!!)
T 19.02: Symjing: 2x500m crawl kontinuerleg. Ca. 15min.
O 20.02: Fri - kona trenar + jobb
T 21.02: Tredemølle - 4x4, p2-3m gange, fart: 14,5km/t Kom: ok bein, tung pust/sliten kropp
F 22.02: Innesykkel - 45min z3-4
L 23.02: Ski med borna + topptur på Torefjell
S 24.02: Ski med borna

KOM:
Tredemølle er IKKJE ein av favorittane mine, heller ikkje halde på i kring ein time med kontinuerleg aktivitet på denne - urtruleg keisamt, både med musikk på øyrene og bilete på flatskjermen i taket... Har inga forståing for dei som gjer dette utan spesielle mål eller meiningar ;) Men: bikka under 50min på 10km, og er særs nøgd med det. Skulle ikkje gå meir enn ein dag før ei ny barriere vart broten med 500m kontinuerleg symjing x 2. Herrlegheit for ein opptur! Endå ikkje noko godkjensle i kroppen formmessig. Søv generelt for lite: 0300 - 0630 passar ikkje heilt i denne fasa!
VEKE 7 - 2013

M 11.02: Innesykkel: intervall 6-8-6-8 p:2, z3-4
T 12.02: 1) PT 4km løp + lett styrke, 2) Symjing 90min- knakk koden etter 60min!!!
O 13.02: Innesykkel: 5x4min + lett styrke
T 14.02: Fri
F 15.02: PT kunde: 10x2min ellipse + lett styrke.
Kom: sææærs tung i kroppen
L 16.02: Restitusjon: særdeles lett rusletur på ski
S 17.02: 1t20m topptur m/ laussnøkøyring

KOM:
Ei variert veke med ulikt innhald. Det kjekkaste var vel at eg på sett og vis skjøna litt av kva eg kunne og skulle gjere for å symje UTAN å ta pause kvar 25. meter... Ei oppleving av "a-ha" der det hadde gått ca. 1 time av økta, og der eg skjøna at eg laut gjere noko radikalt for å i det heile klare å gjennomføra noko som helst symjedistanse som var i nærleiken av 2km. "Slow down to speed up". Som sagt så gjort. Kjente litt på kjensla som Arkimedes laut ha hatt i si tid.
Særs tung i kroppen på slutten av veka, utan av øktene tilsvara slikt eit resultat.
VEKE 6 - 2013

M 04.02: Innesykkel: intervall 6-8-6-8-6, p:2min, z3-4
T 05.02: Kveldskøyring m pudder i Eikisen 4t
O 06.02: Innesykkel 45 + lett styrke (kl 2120)
T 07.02: Symjing 90min m litt info frå tidl symjar i Slåtthaughallen, bein + vingling + tak
F 08.02: PT: 20m mølle + 5x4m ellipse
L 09.02: FRI - skirekreasjon på Totland m fam
S 10.02: ? (journal inkomplett)

KOM:
Som ein ser så er dagane på treningsjournalen no snudd oppned. Mest av praktiske årsakar sidan loggen vert registert i notatform på mobilen, og det virkar ulogisk å byrje med den siste dagen i veka fyrst, sidan eg ikkje veit i det heile kva eg skal trena når.
Elles: kan vel ikkje seie at symjinga går som ein draum. Einaste store opptur denne veka var ein FANTASTISK kveld i Eikedalen med køyring i puddersnø til beina vart heilt gelé!! Var eigentleg utsliten 30min før trekket stengde, men klarte ikkje gje meg. GOD STEMNING!!!
VEKE 5 - 2013

03.02: 1) Symjing - 20min etter familiebading, 2) Innesykkel - intervall: 4+6+4+6, p:2min
02.02: Ski: Eikedalen med borna
01.02: 1) PT - lett til mod. styrke, 2) Stoltzen (16m56s)- Munkebotn Ned (total: 60min)
31.01: FRI
30.01: Mølle: 4 x 2min + 4min (2min: 14,5-15,5km/t, 4min: 14km/t)
29.01: Fri - ufriviljug - jobb 13t
28.01: Innesykkel: 4+6+8+6+4min p: 2m

KOM:
Fyrste veka med symjing på laaaaaaang tid. Rusten som pokker. Tvang meg sjølv til å unngå brystsymjing - noko som førte til pause pr. 50m og pusting og pesig som berre det. Ser det som vanskeleg å klara 1,9km i det heile teke. Syntes det gjekk sabla sein på siste 25m på alle rundane. Tok difor teljing på symjetaka på tur og retur 50m. 21 tak på dei fyrste 25m, og 27(!!!) på returen. Kapasiteten er i dass og veit ikkje heilt korleis eg skal løyse den der floka.
VEKE 4 - 2013

27.01: Ski: 1,5t topptur med tåketravels, skavlfall og skogskøyring
26.01: Ski: 5t topptur (1300 høgdemeter) på Nyastølseggi!
25.01: 1) PT - 10x2min ellipse + lett styrke, 2) Mølle: 5km (24min)
24.01: FRI - pakking til helga
23.01: FRI - tung kropp og lett snufsen
22.01: 1) PT - 30min kont, 2) Mølle: 5km (26min+) - heilt jæ@¨%# tung i bein og kropp..!!
21.01: Innesykkel: 6+8+6+8+6min p: 2m

KOM:
Bra veke med ein del god aerob trening. Ingen god start, men kroppen responderte bra på kvile og kunne dra på når det vart helg!!
VEKE 3 - 2013

20.01: Styrke: 30min lett
19.01: Innesykkel: 60min, z:2-3
18.01: PT - 2,5t med kundar
17.01: Mølle - intervall: 4 x 2 + 4min (p:2/3min) m/ Sverre
16.01: FRI - trøytt som F
15.01: Mølle: 10km (51m30sek)
14.01: Innesykkel: 4+6+4+6+4min p: 2m

KOM:
2 økter på mølle og 2 økter på sykkel. Ikkje gale i seg sjølv, men det er endå noko mangel på mengde. Dog funkar kroppen fint!
VEKE 2 - 2013

13.01: 1) Mølle: 30m(5,2km) + lett styrke/basseng (10m teknikk), 2) langrenn - 60m roleg
12.01: Alternativ: 3,5t roleg turlangrenn mot Prestholt
11.01: Mølle: 5km kort korttur....
10.01: Postsjuk
09.01: Psjuk
08.01: PT - 10x2min ellipse + styrke (ex: knebøy 5x70)
07.01: Innesykkel: 5x4min, p:2min

KOM:
Dritveke med sjukdom i midten. Oppkast og anna drit. Uggen i nokre dagar etterpå, og ikkje i støyten til å køyre på med harde økter. Lite kvalitet på symjinga om dagen.
VEKE 1 - 2013

06.01: Uvisst - dårleg logging....
05.01: Springing: 9,7km i Hordikken (55min) + Sverre m/posttraumatisk sjukdom i kroppen
04.01: 1) symjing - hallen stengd og underteikna forbanna, 2) PT - 5x4min ellipse (mod.int)
03.01: FRI - rydde julepynt
02.01: Innesykkel: 60min kontinuerleg, zone 2-4
01.01: Innesykkel: 5x4min + lett styrke
31.12: Friogfjell

KOM:
Ingen symjing - nye opningstider frå kommunen, som har bestemt seg for å ta vekk tilbodet i Slåtthaughallen totalt. Skandale!!

Treningslogg - 2012

VEKE 52 - 2012

30.12: Skitur - roleg 1time
29.12: FRI og ferie - drittvær på fjellet
28.12: Alternativ trening: ski med borna og trekk av kjelke og sekk
27.12: Tur til Mjølfjell - tung bør til hytta
26.12: Mølle: 8x2min (13-14km/t) p: 1min
25.12: Innesykkel: superkort 4x4min, p:2min
24.12: FRI

KOM:
Ingen symjing, mykje god mat, lite kondisjonstrening og vått føre - du heilage jul!!
VEKE 51 - 2012

23.12: Mølle: 8km - 40min
22.12: FRI
21.12: 1) PT - ellipse 4x4min, 2) Innesykkel: 4x6min, p: 2min
20.12: FRI
19.12: Innesykkel: 60min
18.12: FRI - fotoshoot Amundsensport Dovre
17.12: FRI - fotoshoot Amundsensport Dovre

KOM:
Amputert treningsveke pga fotoseanse på Dovre saman med Amundsen Sport og deira kledekolleksjon. Fekk jobba opp god rørsle i ryggen hadde ei økt med nanoyoga!
VEKE 50 - 2012

16.12: FRI - fotoshoot med Amundsensport på Dovre
15.12: Reise til Dovre + lett jogg 5km i -8*C
14.12: Symjing: crawl + teknikk (kl. 0700) + Møte med Olaf Tufte ift Feel High!
13.12: OGK
12.12: OGK
11.12: PT: ellipse 5x4min p: 2min + lett styrke
10.12: Mølle: 10km - 51min20sek

KOM:
Ikkje noko spes. god treningsveke og det var også ikkje lett å analysere denne då noteringa i loggen ikkje var komplett. Laber intensitet sett under eitt, og fekk stadfesta at eg ikkje er noko marathonmann med den kilometertida der.....
VEKE 49 - 2012

09.12: Litt diffust ut frå manglande notat i loggen.....
08.12: Innesykkel: intervall: 6+8+6+8+6min, p: 2-3min
07.12: Symjing: crawl + teknikk (kl. 0700)
06.12: Mølle: 10 x 2min intervall (13-13,5km/t), p:1min
05.12: Innesykkel: 60min + 5x4min + lett styrke
04.12: FRI
03.12: Innesykkel: 80min z: 2-3

KOM:
Syklinga går greitt, "korte" intervallar ift at det skjer inne og er dødleg keisamt!!! Symjinga er for andre enn meg og kroppen min.....
VEKE 48 - 2012

02.12: FRI
01.12: Innesykkel - intervall: 6+8+6+8min, p:2-3min
30.11: økt 1): Symjing (0700), økt 2) PT - aerob 60min (med.int)
29.11: FRI - 14t jobb
28.11: FRI
27.11: Stisykling i Hordnesskogen (2t m/ punktering) = intervall av ypperste klasse!
26.11: Innesykkel - intervall: 4x4min + lett styrke

KOM:
Slit med symjinga, sjølv om det er betring å spora. Kjip del av Axtri tenkjer eg akkurat no. Mykje jobbing og suboptimal restitusjon gjer at denne veka ikkje vert hugsa så lenge.
VEKE 47 - 2012

25.11: Innesykkel - intervall: 6+8+6+8min, p: 2min,
24.11: Innesykkel: 90min zone 2-3
23.11: økt1):Symjing 1100m +/spark 100m (kl. 07), økt2) PT: 40min aerob/lett styrke (kl15)
22.11: Mølle: 10 x 2min intervall (13,5-14,5km/t), p:1min (10km tilsaman)
21.11: FRI
20.11: 4t fysisk ift planering av grus til garasjegolvstøyping = TUNGT!!
19.11: Hugsar faktisk ikkje......

KOM:
Tja..... kroppen heng saman og øktene går greitt. Ingen superlange eller supertunge økter.
VEKE 46 - 2012

18.11: Innesykkel: 4x8min intervall, p: 3min (zone 4)
17.11: Optimal funksjonell trening i 4t (grøftegraving....)
16.11: økt 1): Symjing - 1200m + beinspark (kl. 0700), økt 2) Innesykkel: 5x4min, p: 2m
15.11: FRI - ufriviljug - sovna frå heile økta
14.11: FRI - Dagfinn Lyngbø sparkar rumpe!
13.11: økt 1) PTkunde: 40min aerob zone 3, økt 2) Styrke (kort) knebøy 3x5x105 + 3x3x110
12.11: Innesykkel: 75min - zone 3-4 (kl. 2200)

KOM:
Suboptimal veke med mykje drittvær og ein kropp som har vore meir trøytt enn i slaget. Kjente det allereie på tysdag på styrkeøkta, der det var manglande futt i kroppen. Hang i fram t.o.m. fredag. Kombinasjon med lengre dagar på jobb var vel heller ikkje ideell. Kompenserte med ei staseleg økt på laurdagen som får Crossfittrening til å bleikna... Ingen springeøkter er heller ikkje noko å ropa hurra for. Prøva å kome sterkare att neste veke!!
VEKE 45 - 2012

11.11: FRI - sundagstur med kidsa
10.11: økt 1) Innesykkel: 4+6+4+6min intervall, p: 2min, økt 2) Yoga - intro (75min)
09.11: økt 1) Symjing 45min (kl. 0700/ 1150m), økt 2) PTkunde: 4x4min på ellipse + styrke
08.11: Springeøkt - lang (Hordikken) 55min/ 9,71km (kl. 2145)
07.11: FRI
06.11: økt 1) Styrke: knebøy 3x5x105 + 2x3x115 + div styrke, økt 2) Springekurs BIK
05.11: Springekurs for Telenor m/ lett sykkel til og frå Fana St.

KOM:
Litt passeleg start på veka formmessig - ettersleng frå helga. Ingen spesielle merknader anna enn at springeøkta var lengre på lik tid trass den kjentes tyngre.... Tygg litt på den. Endå er distansen under den halve av kva den skal vere, og mest utan stigning.
VEKE 44 - 2012

04.11: Springing: Hordnesskogen - 9,12km/ 55m26sek (9,87km/t)
03.11: Innsykkel: 3x8min + 1x4min intervall, p: 2-3min,
02.11: økt 1) Symjing 45min - 1000m saman med Sverre!, økt 2) ingen.... :(
01.11: FRI
31.10: økt 1) Styrke: 3x5x100kg + 2x3x110 knebøy + 2x5 pistolsquats + generell
økt 2) Innsesykkel: 60m kontinuerleg i sone 3
30.10: økt 1) PT m/ kunde: 5x4min ellipse + lett styrke, økt 2) Springekurs m/ BIK (lett)
29.10: økt 1) Springekurs for verksemd (lett), økt 2) Innesykkel - 60min kont.

KOM:
Fyrste "organiserte" symjeøkta som er gjennomført sidan gymsaset. Mykje kaving, pusting og pesing og heilt elendig teknikk.... Skandale er vel eit ganske dekkjande omgrep. MEN, symjebrillene passa kjempegodt!! Slutten av veka var litt småruskut med byrjande forkjøling og kropp på 80%.
VEKE 43 - 2012

28.10: Innsykkel: 5x4min, p:2-3min
27.10: Roleg fjelltur med familien
26.10: økt 1) PT - aerob ellipse 40min + lett styrke, økt2) mølle: 6x2min - 14km/t
kom: tomt for energi på slutten, skulle ha x12 reps
25.10: FRI
24.10: 1 time stisykling på Smøråsen - intervall (høg)
23.10: økt 1) PT m/ kunde (moderat), økt 2) Springekurs for verksemd (lett)
22.10: Springekurs i regi av BIK

KOM:
Endå varierte økter med lite fokus på spesifisitet. Ingen skader + ingen vondtar!
VEKE 42 - 2012

21.10: Styrketrening: knebøy 4x6x100kg, pistolsquats: 3x5 + generell.
20.10: 10km i Hordnesskogen: 56min
19.10: FRI
18.10: Spinn/ rulle: 60min m/ 3-5min tyngre intervall (80-90%) + lett styrke
17.10: Intervall på tredemølle: 10x2min, p: 1min fart: 13-14km/t
16.10: Økt m/ PTkunde 1:1 (10x2min intervall på ellipse + styrke)
15.10: Spinn/ rulle: 5x4min

KOM:
Korte, kjekke og hyggjelege økter som har altfor lita spesifikk verdi. Prøver berre no framover å skapa eit generelt godt grunnlag som er lystprega innhaldsmessig.
VEKE 41 - 2012

Haustferie med fjellturar, springeøkter og jakt.
VEKE 40 - 2012

Påmelding til AXTRI.
Generell trening

! Treningsgrunnlaget er generelt bra, dog prega av kortare økter ift det som er naudsynt til neste haust.

Status er:
Styrke: bra, både generell og spesifikk
Sykkel: uthald er manglande, tempostyrke er manglande
Symjing: skandale! Kan å crawle, men ikkje godt eller lenge.....
Springing: bra så lenge det er flatt, nedover eller korte intervallar eller bakkar (les: 100m)
Spenst: bra, men kan ikkje nytte den til noko som helst og er såleis ubrukeleg!
O2: har inga idè, skal testast på sykkel og mølle i løpet av haust/ tidleg vinter
Laktat: som O2
Motivasjon: naivt optimist!

Kva er dette for ein galskap??