​Velkomen til Bergen Idrettsklinikk - som ynskjer deg eit skadefritt år!

Bergen Idrettsklinikk er eit tilbod i Bergen med kompetanse på idrettsmedisin, behandling og trening. Me ynskjer å hjelpe deg som vil kome i aktivitet etter ein skade, har lyst å vere i betre slag som mosjonist eller aktiv utøvar, eller har lyst å verte kvitt smerte og plager i kroppen som kjem frå musklar og ledd.

Vårt mål er at vår kompetanse skal hjelpe deg til å få ein kropp som fungerer betre, gjennom individuell behandling, førebyggande basisøvingar, fysiske testar eller personleg trening.

Om du ikkje trenar eller er mosjonist, men har plagar i muskelskjellettsystemet og treng oppfølging, vil me sjølvsagt bidra med vår kompetanse og erfaring for å hjelpa deg!

Ein skadefri vinterhelsing frå oss hjå Bergen Idrettsklinikk

NYE nålekurs komande år!

Bergen Idrettsklinkk vil arrangere nye kurs i muskulære smertesyndrom og nålebehandling i løpet av året.
Meir informasjon om kursa finn du via lenkja under og via facebook. Dersom du vil ha tilsendt informasjon direkte, send epost til: kurs@bik.no

Vil du på løpekurs/ springekurs? Meld deg på her!

Klikk over for å sjå kva eit løpekurs eller springekurs er.
Reportasjen vart sendt på TV2 24.april 2013.

Trent For Fotball ® - i Bergen!

Bergen Idrettsklinikk arrangerer no Trent For Fotball ® som er eit kurs med skadeførebyggjande og prestasjonsfremjande innhald. Dette er tilgjengeleg for trenarar og lagleiarar i breidde- og toppfotball i Hordaland.
Neste kurs er: ved førespurnad

Arild vs Triatlon

4.oktober 2012 er ein ny historisk dag, dog utan så mykje sus, i
Arild Solheim (BIK) sin aktivitetskvardag. Påmeldinga til Aurlandsfjellet Xtreme Triatlon er gjort, og 17.august 2013 kjem til å verte endå ein merkedag for han.
På godt og vondt!
Du har no høve til å lesa om spørsmåla kring kva, kvifor og korleis i samband med førebuingane til eit slikt prosjekt. Ikkje minst korleis ein som er nybyrjar, og som ikkje likar uthaldsidrett, skal få kroppen til å trene det som er naudsynt for å kome i mål med eit smil....om slikt er mogleg.

Vinter utan snø = springing!

Lyst å nytte vinteren til å kome i gong med springing?
Bergen Idrettsklinkk v/ Arild Solheim har i samarbeid med Dagens Næringsliv laga eit forslag til korleis du starta, eller ta oppatt, springetrening.
Klikk på biletet for å lesa meir!

! Du kan også melda deg på springekurs hjå oss som har oppstart kontinuerleg gjennom året.

Helseforsikring

Har du helseforsikring eller behandlingsforsikring? Bergen Idrettsklinikk har avtale med dei fleste og største forsikringsselskapa i Noreg. Ta kontakt enten med oss eller selskapet ditt for bestilling av time.

Idrettsforsikring

Frå 2011 har Bergen Idrettsklinikk samarbeid og avtale med Idrettens Helsesenter (Skadetelefonen) om undersøking og behandling av utøvarar med skade, og som har forsikring i NFF. Me kan garantere kort ventetid! Klikk på logoen over for å få meir informasjon.
Bergen Idrettsklinikk har sterkt fokus på å prioritere akutte skadar. Mange har problem med smerter og langvarig avbrekk. Dette kan du unngå ved å kome tidleg til oss for diagnostisering og behandling.

Kontakt oss om du ynskjer hjelp til å kome tidleg i gong med trening og eventuell behandling!

BIK på facebook!

Trykk på logoen for å lese fleire interessante saker på bik.no